Hopp til hovudinnhald

Kurs for partnarar

Norec tilbyr kurs og oppfølging for partnarskap før, under og etter utveksling.

Kurs for partnarar

Norec tilbyr kurs og oppfølging for partnarskap før, under og etter utveksling. Som ein del av søknadsprosessen arrangerer vi introseminar for partnarskap som søker om støtte hos Norec. Etter at organisasjonen din har inngått avtale med oss, vil vi sørge for at nøkkelpersonell vert kursa i løpet av første avtalerunde.

Sidan mars 2020 har covid-19 hindra utveksling og fysiske møte. Dette har auka den digitale kompetansen hos alle partar, noko som gjer at ein del av våre framtidige kurs og møte vil bli haldne digitalt.

Gjennom vår digitale læringsportal vil partnarskapa ha tilgang til webinar og rettleiingar. Norec arrangerer også partnarsamlingar for å skape nettverk og for å dele kunnskap og kompetanse som er relevante for å styrke resultat i prosjekta.

Introseminar

Introseminaret er obligatorisk for alle organisasjonar i eit potensielt partnarskap og inngår i forundersøkinga (FU).
Introseminar vert gjennomført digitalt eller fysisk. Ein eller to representantar frå kvar partnarorganisasjon kjem saman i to til tre dagar for å gå gjennom følgande modular:

  • Å vere Norec-deltakar
  • Roller og ansvarsområde
  • Planlegging av eit Norec-prosjekt
  • Prinsipp for økonomistyring
  • Rekruttering og leiarskap

Etter introseminaret vil du:

  • Vere inspirert og motivert til å fortsette planlegginga av ei Norec-utveksling
  • Kjenne Norecs modell, prinsipp og verdiar
  • Forstå kva som er dei avgjerande faktorane for eit vellukka utvekslingsprosjekt
  • Vere i stand til å forme eit prosjekt innanfor Norec sitt rammeverk

Møtekostnadar og eventuelle utgifter til kost/reise vert dekt av FU-tilskotet.

Partnarkurs

Norecs partnarkurs er obligatorisk for alle nye partnarkoordinatorar i løpet av det første året. Om de skiftar ut nøkkelpersonell undervegs, vil vi også tilby kurs til desse. Partnarkurset vert vanlegvis arrangert på ein av våre kursdestinasjonar over tre dagar (digitalt ved eventuelle reiserestriksjonar). Planlagde kurs finn du under:

I løpet av kurset går vi gjennom følgande modular:

  • Norecs modell, prinsipp og verdiar
  • Rammeverk og økonomisk rapportering
  • Deltakaren: rekruttering, førebuing og oppfølging under og etter utvekslinga
  • Leiarskap, mentoring og kunnskapsoverføring
  • Global forståing

Etter Norecs partnarkurs vil du:

  • Vere inspirert og motivert til å koordinere ei Norec-utveksling
  • Forstå og gjere bruk av Norecs modell, prinsipp og verdiar
  • Vere i stand til å forme, organisere og rapportere frå eit prosjekt innanfor Norec sitt rammeverk
  • Forstå kva som er dei avgjerande faktorane for eit vellukka utvekslingsprosjekt. Du vil kunne inkludere denne forståinga i gjennomføringa av prosjektet ditt
  • Kunne analysere korleis ditt eige prosjekt kan forståast i ein global utviklingssamanheng, og korleis det kan bidra til FNs berekraftsmål

Kost og losji vert dekt av Norec, mens reisekostnader inngår i CA-tilskotet.

Digitale kurs

Norecs digitale kursplattform inneheld mellom anna ei e-læring for intro, og rettleiingar som er relevante for å skrive søknad om prosjekt og rapportere etter ein avtalerunde.

Vi har også mål om å legge ut webinar og anna digitalt påfyll der. Desse vil vere relevante for partnarskapets primærkontakt, økonomiansvarleg eller andre eller ressurspersonar som jobbar i partnarskapet.

Om du ikkje har fått tilgang, ta kontakt med kursseksjonen på mail training@norec.no.

 

  • Tittel A

    Lorem ipsum

  • Tittel B

    LOrem Ipsum