Hopp til hovudinnhald

Forundersøking

Om forundersøkinga

Første steg i alle nye utviklingsprosjekt som Norec støttar, er ei forundersøking med potensielle partnarar. Under forundersøkinga møtest partnarane for å utarbeide ein søknad om eit utvekslingsprosjekt. Forundersøkinga må vere ferdig og godkjend før partnarane kan søke om ein samarbeidsavtale.

Forundersøkinga omfattar:

  • deltaking på eit digitalt introseminar som Norec arrangerer 
  • eit partnarmøte for å identifisere potensialet for samarbeid mellom partnarane og utarbeide ein søknad om eit utvekslingsprosjekt i regi av Norec (digitalt, fysisk eller ein kombinasjon) 
  • andre møte med Norec etter avtale 
  • utvikling av rutinar for kommunikasjon og avgjerdstaking i partnarskapet 
  • utarbeiding av aktivitetsrapport (A03) og økonomisk rapport (A04) for forundersøkinga 
  • utarbeiding av søknad til Norec om samarbeidsavtale 

Etter forundersøkinga, har partnarskapet:

  • lært meir om Norec, aktuelle tilskot, Norec-modellen og -verdiar, og kva plikter eit utvekslingsprosjekt medfører 
  • utvikla samarbeidet mellom dei ulike partnarane, blitt betre kjende og fått innsikt i roller og ansvarsområde i eit slikt samarbeidsprosjekt 
  • identifisert potensielle gevinstar, moglegheiter og risikoar i eit eventuelt samarbeid om eit utvekslingsprosjekt 
  • utvikla prosjektideen og lært korleis ein lagar ei god prosjektbeskriving 
  • utarbeidd ein søknad om ein samarbeidsavtale 

Søknadsfrist forundersøking: 15. august 2024.

Kven kan søke?

Norec støttar internasjonale partnarskap i og mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg.

Vi tek i mot søknader frå:

  • Frivillige organisasjonar
  • Offentleg sektor
  • Privat sektor
  • Multilateriale og globale organisasjonar

Søkarane må halde til i Noreg eller i eitt eller fleire av Norec sine samarbeidsland.

Søkaren må:

  • vere ei juridisk eining 
  • ha ein samarbeidspartnar i eitt av Norecs sine samarbeidsland.
  • ha nødvendig fagleg og administrativ kompetanse og kapasitet til å gjennomføre prosjektet 
  • ha ein realistisk prosjektidé som kan utviklast vidare gjennom forundersøkinga 

Norec vil vurdere om søkarane er i stand til å:

  • følge opp og støtte tilsette som er på utveksling 
  • samarbeide godt i eit partnarskap 
  • oppnå resultat 
  • forvalte prosjektet økonomisk 

Slik søker de:

Søknaden om forundersøking består av følgande dokument:
Dokumenta kan ikkje vere passordbeskytta.

Les gjennom retningslinjene (G01) før de sender inn søknaden. 

I tillegg må følgande dokument leggast ved søknaden

  • firmadokumentasjon 
  • signaturrettar 
  • vedtekter 
  • nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap 
  • nyaste årsrapport 
  • eigenerklæring om organisatoriske forhold og praksisar (E19) 
  • gyldig firmadokument for revisjonsfirmaet som skal revidere Norec-midlane (berre aktuelt viss tilskotet utgjer over 100 000 kr) 

Send alle dokumenta til programrådgivaren dykkar i Norec. Dersom de ikkje har vore i kontakt med Norec før, kan de sende dokumenta til norec@norec.no. 

Rapportering

Når forundersøkinga er fullført, må partnarskapet rapportere resultata. De må sende inn to rapportar:

 Send rapportane direkte til programrådgivaren dykkar i Norec. Rapportane må godkjennast før Norec kan behandle ein søknad om samarbeidsavtale for eit utvekslingsprosjekt.