Seminar: interkulturell kommunikasjon
Korleis utnytte potensialet i kulturelle skilnader på arbeidsplassen?
Norec og UWC inviterer til seminar om interkulturell kommunikasjon. Vi har invitert ein av Norges fremste foredragshaldarar, Pellegrino Riccardi, som er ekspert på relasjon, samhandling og kommunikasjon mellom menneske.
Her får du konkrete tips om korleis du kan jobbe med mangfald ved å la deg inspirere, dele erfaringar og tips på korleis du kan møte kollegare frå ulike land, forskjellige samfunnslag og med ulik ballast.
Det blir foredrag med case, innsikt i inspirerande teamverktøy, praktiske råd og innblikk i korleis andre har løyst utfordringar.
Målgruppa er leiarar, kollegaer, utanlanske arbeidarar og tilsette som jobbar i ein internasjonal kontekst.
Etter denne dagen håpar vi du skal bli betre til å hauste den ofte uutnytta potensielle energien og verdien som finst i organisasjonen din.
Pris: 750 pr person.
Tid: Seminaret varer frå 09.00 – 10.45.
Takk til Sparebanken Sogn og Fjordane som har bidratt til å gjere dette arrangementet mogleg!