Utviklingsminister feirar 20 år med utveksling med Norec

I 2021 er det 20 år sidan dåverande Fredskorpset lanserte ein ny metoden å arbeide for utvikling på: gjensidig utveksling mellom Norge og land i det globale sør. Sidan den gong har 10 000 reist på utveksling gjennom Norec.

Samtidig har etaten flytta ut frå Oslo, og styrer no tilskotsforvaltning i 26 land frå Førde.

Mandag 7. juni får vi besøk av utviklingsminister Dag Inge Ulstein og vi gjer opp status for kva 20-år med utveksling har ført til, og overgangen frå gamle Fredskorpset til nye Norec.
Vi tek og for oss flytting til distriktet av statlege etatar, og saman med Ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle ser vi på kva det at Norec har flytta til Førde har hatt å seie for Sunnfjord kommune. Og korleis det er eigentleg å jobbe med utviklingspolitikk frå «utkanten»?

Program:

10.00-11.00

20 år med gjensidig utveksling

  • Direktør i Norec, Jan Olav Baarøy
  • Utviklingsminister Dag Inge UlsteiN

Norec etter tre år i Førde

  • Jan Olav Baarøy: Utflytting av statlege etatar – 3 år med Norec i Førde
  • Ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle: Betydninga av statlege arbeidsplassar i distriktet
  • Direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Atle Hamar: 20 år med desentralisert etatstyring
  • Open samtale mellom Jan Olav Baarøy og lokale politikarar. Korleis kan Sunnfjord og Vestland bruke Norec?

11.30-12.30

Vår reise gjennom Norec
Fire Norec-deltakarar fortel om sitt utvekslingsopphald. Kva betydninga har utveksling hatt for dei personleg og deira organisasjonar? Korleis har pandemien påverka situasjonen for unge menneske i deira heimland.

Ungdom som endringsaktørar
Statsråd Ulstein: Kvifor norsk utviklingspolitikk arbeider for ungdomsmedverknadArrangementet vil bli streama til publikum i Norge og i våre samarbeidsland.

Sjå arrangementet på norec.no klokka 14.00