Rekordmange søkte trainee-stilling i Norec i år. Tonje Polden Steinsland (24) og Mats Henrik Syversen (24) trekte det lengste strået blant dei 141 søkjarane.

– Det å kunne komme til eit større selskap og få moglegheita til å lære meir inspirerte meg til å søkje, seier Steinsland, som er trainee på avdelinga for kommunikasjon og samfunnskontakt. Steinsland kjem frå Sotra utanfor Bergen og har både psykologi og bachelor i marknadsføring og merkevareleiing i bagasjen.

Valde vekk master for Norec
Mats Henrik Syversen frå Fredrikstad skal det komande året vere trainee innan internasjonal utvikling.

– Eg hadde tenkt å ta ein master i utlandet, men pandemien gjorde det meste usikkert. Eg har tidlegare vore på utveksling gjennom Fredskorpset, noko som var ei kjekk oppleving. Sidan har eg følgt med på Norec og kva dei driv med. Då eg såg på nettsidene at dei søkte etter trainee, var eg snar med å søkje, seier Syversen, som har ein bachelor i samanliknande politikk og musikk frå Universitetet i Bergen.

Får brei arbeidserfaring
Trainee-ordninga til Framtidsfylket er Norges største. Ordninga er for nyutdanna eller unge som er ferske i arbeidslivet. Som trainee er du tilsett i ei bedrift i Vestland i eitt år og får brei arbeidserfaring, personleg utvikling og nye nettverk. Kva bedrifter som tilbyr trainee-stillingar gjennom Framtidsfylket, varierer frå år til år.

For 2021 hadde Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) to traineestillingar å fylle, ei innan kommunikasjon og samfunnskontakt og ei innan internasjonal utvikling. Det er andre året Norec har traineear, og søkjarmassen i år var rekordhøg.

Trur ordninga er blitt meir kjend
– Vi har aldri hatt så mange søkjarar til stillingane våre, og det var skyhøgt nivå, seier kommunikasjonssjef i Norec, Cathrine Ekehaug.

Ho trur det er fleire grunnar til at søkjarlista vart rekordlang i år.

– Det er nok mange som har valt å setje vidare utdanning på vent på grunn av pandemien vi står i, og dermed finn det interessant å skaffe seg ny erfaring og kompetanse som trainee. I tillegg trur eg trainee-ordninga gjennom Framtidsfylket har vorte endå meir kjend og at ein slik når ut til stadig nye grupper som ordninga er aktuell for. Vi er privilegerte som kan få med oss så mange flinke, unge folk på laget, seier Ekehaug.

Er positivt overraska over Førde
Steinsland fekk vite om trainee-ordninga gjennom jobbmesser og Framtidsfylket.

– Då eg fekk høyre om trainee-moglegheita hjå Norec, kjende eg at det var noko eg hadde lyst til. Bistand er eit viktig felt, og når ein skal ut i jobb, så vil ein jo gjerne jobbe for nokon som driv med noko som er bra, seier Steinsland.
Ingen av dei to traineeane hadde kjennskap til Førde eller Sunnfjord i særleg grad frå før.

–Eg hadde berre køyrt gjennom Førde, så for meg var byen heilt ny. Men eg er positivt overraska. Det er veldig fint her, og det er mykje som skjer, seier Syversen.
Som tidlegare student er han van med å oppsøkje tilbod og finne aktivitetar å gjere på, og det har han også gjort i Førde.

– Våg å ta sjansen!
– Eg har mellom anna vorte med i eit kor, skal på spelemannsøving om ikkje så lenge, og har meldt meg på kurs i både padling og klatring. Eitt år går utruleg fort, så det er viktig å fylle ettermiddagar og kveldar med dei aktivitetane ein kan, seier Syversen.
Han får støtte frå Steinsland, som trass i at ho er oppvaksen i Norges nest største by har funne seg godt til rette i Førde.

Ho har eit klart råd til unge som vurderer å søkje ei trainee-ordning.

– Søk! Du får ei oppleving og ei erfaring uansett kva du gjer. Du blir del av ei større gruppe, knyter nye kontaktar og nettverk, samt at du får både bidra og bruke erfaringa di praktisk, seier Steinsland.