Norec er månadens partnar for FN-organisasjon
29. mars 2022Norec er vald ut til å vere månadens partner for FNs organisasjon for sør-sør-samarbeid (UNOSSC).
– Dette er ei anerkjenning av arbeidet til Norec og ei fin moglegheit for oss til å utvide nettverket vårt, seier seniorrådgivar i Norec Helge Espe.
Tidlegare har gjerne andre FN-organ eller store internasjonale organisasjonar vore månadens utvalde partnarar.
UNOSSC jobbar med å fremme sør-sør-samarbeid. Dei vil seie utviklingsprosjekt mellom land i Afrika, Asia eller Latin-Amerika. Om lag to tredelar av utvekslingane Norec støttar skjer mellom land i sør.
– Utveljinga som månadens partnar viser at sør-sør-arbeidet til Norec vert lagt merke til på eit høgt nivå, held Espe fram.
– Særleg viktig på grunn av koronapandemien
Espe meiner det betyr mykje for Norec å få merksemd i eit slikt forum:
– Det gjeld særleg no når koronapandemien har avgrensa dei tradisjonelle møtepunkta og nettverksmetodane til Norec.
South-South Galaxy er UNOSSC sin eigen plattform for erfaringsdeling knytt til sør-sør-samarbeid. Nettsida fungerer også som ein formidlar mellom finansieringskjelder og gode utviklingsprosjekt.
– Det er eit flott høve for Norec til å markere seg som kompetansesenter overfor grupper og institusjonar vi vanlegvis ikkje har mykje kontakt med. Vi håper vi no kjem i kontakt med nye samarbeidspartnarar som kan utvide perspektiva våre, avsluttar Espe.
Du kan sjå presentasjonen av Norec på Galaxy sine sider her.