Saman jobbar partnarskapet WEEE Centre og Vohitra Environnement for ei grønare verd, trygg frå skadeleg avfall. Gjennom eit fireårig samarbeid har dei bygd opp to moderne selskap som samlar inn og resirkulerer elektronisk- og elektrisk avfall.

Sidan 2018 har selskapet Waste Electrical and Electronic Equipment (WEEE) Centre i Kenya utveksla tilsette med Vohitra Environnement på Madagaskar. Dei byter tilsette, og samarbeider gjennom å diskutere idear og forske på nye berekraftige og grøne måtar ein kan samle inn og sikkert kvitte seg med elektrisk og elektronisk avfall (ee-avfall) på.

– Gjennom utvekslinga er vi begge blitt dei største og leiande aktørane innan resirkulering av ee-avfall i våre land, proklamerer dagleg leiar i WEEE-senteret Bonnie Mbithi.

– Alt gjekk i same spann

I den travle industrielle sona Embakasi i Nairobi, leiar Bonnie Mbithi eit team med lokale ekspertar som samlar inn, resirkulerer og sender vidare brukte datamaskiner og anna ee-avfall. I åtte år har WEEE-senteret kasta lys på eit stort problemområde på kontinentet: Dei store mengdene elektronisk og elektrisk avfall som forureinar.

­– Eg arbeidde med å få på plass rimelege teknologiske løysingar og datamaskiner til skular i heimlandet mitt Kenya. Etter å ha snakka med fleire bedrifter, forstod eg at dei alle leita etter ein plass å kvitte seg med ee-avfall. Problemet var at det ikkje fanst noko anna alternativ enn å dumpe det på søppelfyllinga. Her var det eit skrikande behov etter trygge løysingar, sa han.

Det begynte med ein e-post

I 2016 hadde ikkje Bonnie høyrt namna Vohitra eller Norec. Han jobba med å etablere WEEE-senteret i marknaden då det tikka inn ein e-post i innboksen hans. Han flørta allereie med tanken om å samarbeide med aktørar i andre land – og utveksle kunnskap – utan at han hadde realisert det.

– Det var eit lykketreff at Norec kontakta oss i 2016. Dei søkte etter nye partnarar som kunne nytte seg av utvekslingsmodellen. I jakta fann dei nettsida vår. Sjølv hadde eg tenkt på Madagaskar som eit land eg var interessert i. Etter den første kontakten sette eg i gang å leite og fann Vohitra. I august 2018 sende vi dei første på utveksling, seier Bonnie.

Toppmoderne senter for resirkulering av ee-avfall

Før prosjektet dreiv Vohitra utelukkande med vanleg avfallshandtering og resirkulering. Å skulle hente inn elektronisk og elektrisk avfall var nytt for dei. Etter utvekslinga er dei no den leiande aktøren på Madagaskar.

– Målet vårt var å få på plass to moderne anlegg for å handtere elektronisk og elektrisk avfall. Gjennom utvekslinga så kan vi stolt seie at vi har klart akkurat det, seier Mbithi.

Arbeidarar i gang med å utvinne material frå ee-avfall på ein av verkstadane til WEEE-senteret

Sjå video

Resirkulerer ikkje e-avfall

På grunn av låg kunnskap i Kenya om resirkulering og manglande lovverk og reguleringar, vert mindre enn ti prosent av ee-avfallet resirkulert. Ifølgje tal frå FN frå 2020 vil det seie at 51,000 tonn med ee-avfall blir dumpa i søppelfyllingar, i vatn og elver, og i urbane strøk. Medan dei fleste ser 51,000 tonn med søppel – ser Bonnie 51.000 tonn med moglegheiter.

– Avfall er avfall berre når kreativiteten forsvinn, seier Mbithi og forklarer:

– Land som Sverige importerer avfall for å resirkulere. Om vi gjorde det same, ville det kunne støtte ein heil industri som skapar arbeidsplassar og vekst, seier Mbithi om vyane har for næringa i Kenya.

Urban gruvedrift og sirkulær økonomi

Bonnie er ung, og har ei brei bakgrunn frå jus, næringsliv og sirkulærøkonomi. Han har blitt kåra til ein av 35 under 35 år i Kenya med mest innverknad. To av hans fanesaker i heimlandet er urban gruvedrift og sirkulær økonomi: I ein sirkulær økonomi er målet at produkta skal vare lengst mogleg, reparerast, oppgraderast og nyttast igjen. Når dei ikkje kan det, skal ein vinne att materiala og nytte dei som råvarer i ny produksjon.

Det er her konseptet urban gruvedrift kjem inn. Det handlar om å ta metalla og andre edle stoff som allereie er vunne ut frå tradisjonelle gruver, og hente det i produkt som ikkje lenger fungerer. Ved å vinne ut dei metalla i produkta som allereie er fjerna frå jorda, vil ein i prinsippet ikkje trenge vanleg gruvedrift. Det kan skåne dei ressursane som framleis ligg under bakken.

I dag har senteret kapasitet til å behandle 200 tonn elektronisk og elektrisk avfall kvar månad, men dei får tak i snaue 35–50 tonn  – rett og slett fordi resirkulering ikkje er innarbeida i befolkninga. Potensialet er stort, og Mbithi har ikkje gitt opp kampen.

Urban gruvedrift meiner WEEE-senteret framtida – og ei gullgruve om dei klarer å få gjennomslag hos dei som sit med makta. Difor legg dei ned mykje ressursar for å få til akkurat det.

Sette elektronisk avfall på agendaen

Erfaringa med påverknadsarbeid kom godt med då dei kenyanske utvekslingsdeltakarane kom til Madagaskar.

– Vohitra var ferske på resirkulering av ee-avfall. Difor var det første vi gjorde  å lage ein strategi for handtering av ee-avfall, og protokollar for å ta vare på sikkerheit og miljø. Det er første steg for å kunne sette ee-avfall på kartet, fortel tidlegare deltakar Johnson Makau, og får støtte frå tidlegare deltakar Joy Nyangweso:

– Vohitra var kjent som ei renovasjonsbedrift, men måtte lanserast som ein aktør innan ee-avfall. Vi har jobba aktivt med å påverke styresmakter og tiltrekke kundar frå næringslivet. Dette er eit arbeid som har heldt fram, og namnet Vohitra er kjent innan næringslivet no, fortel ho.

Gjennom utvekslinga av tilsette med WEEE-senteret, er Vohitra Environnement den leiande aktøren på Madagaskar innan ee-avfall.

Språkbarrierer

Kommunikasjonen mellom partnarane har til tider har vore krevjande. I Kenya er det engelsk arbeidsspråk, medan Madagaskar er eit fransktalande land. Trass i kommunikasjonsutfordringar understrekar Mbithi at partnerskapet er sterkt. Det er stor forskjell på situasjonen til WEEE-senteret no og før dei begynte med utveksling gjennom Norec:

– Det er mykje vi kan trekke fram: Kor mykje lettare det har vore for oss å utvide til andre land på grunn av den internasjonale erfaringa; kor flinke vi er blitt på retningslinjer og søknadsprosessar etter utvekslingsprosjektet; kor mykje betre dei tilsette er på å jobbe med menneske med anna bakgrunn og etnisitet; kor mykje kapasiteten vår for å resirkulering av ee-avfall har auka; eller kor forbetra teamet er blitt på å tenke utanfor boksen og se moglegheiter, seier han.

8000 kundar

No ser Bonnie og WEEE-senteret lenger, og tenker på å opne fleire senter for resirkulering i andre land og på andre kontinent:

— Vi har fått meir styrke. No er vi knyta til eit større internasjonalt nettverk, og det gjer oss eit godt rykte. Og med det har vi klart å få store namn på lista over kundar: USA sin ambassade i Nairobi, IBM, Lenovo og Total. Og så har vi forretningspartnarar i 15 afrikanske land – som vi har lært opp, og no delar utbyte og over 8000 kundar med, seier Mbithi.

– Veksten vi har opplevd sidan eg blei kontakt av Norec i begynnelsen av reisa vår til her vi er no som ein toppmoderne og internasjonal resirkuleringsaktør; den hadde ikkje vore mogleg utan utvekslingsprosjektet og Norec, avsluttar han.

Ved å resirkulere elektronisk og elektrisk avfall, jobbar Vohitra i det store bildet for ei grønare verd og miljøvenlege løysingar for framtida.
Tilsette ved WEEE-senteret saman med Bonnie Mbithi.
Ved å resirkulere elektronisk og elektrisk avfall, jobbar Vohitra i det store bildet for ei grønare verd og miljøvenlege løysingar for framtida.
Bonnie Mbithi, leiar for WEEE-senteret, saman med to tidlegare deltakarar frå Madagaskar.
Ved å resirkulere elektronisk og elektrisk avfall, jobbar Vohitra i det store bildet for ei grønare verd og miljøvenlege løysingar for framtida.
Ved å resirkulere elektronisk og elektrisk avfall, jobbar WEEE-senteret i det store bildet for ei grønare verd og miljøvenlege løysingar for framtida.
Ved å resirkulere elektronisk og elektrisk avfall, jobbar Vohitra i det store bildet for ei grønare verd og miljøvenlege løysingar for framtida.
Tidlegare deltakarar frå Madagaskar
Arbeidarar i gang med å utvinne material frå ee-avfall på ein av verkstadane til WEEE-senteret
Arbeidarar jobbar med å utvinne materialer frå ee-avfall på WEEE-senteret