– Det har vore ei nyttig og lærerik erfaring når vi med eitt måtte reise heim frå utveksling. Men det kan aldri erstatte å møte andre fysisk, lære av kvarandre og dele erfaringar, seier kursdeltakar Rehana Noor

Til vanleg deltek alle Norec-deltakarar på obligatoriske kurs både ved ut- og heimreise, der dei blir budd på kva som ventar seg. Heimkomstseminaret er viktig for å at deltakarane skal lære korleis dei best kan overføre ny kunnskap og kompetanse tilbake til eigen organisasjon.

Dei siste to vekene har Norec gjennomført 13 fulldigitale heimkomstseminar for 52 av Norecs deltakarar som måtte avbryte utvekslinga si på grunn av koronapandemien.

Noor var ein del av den første gruppa frå jordbrukspartnarskapet mellom WAVE Foundation og DHAN Foundation. Medan dei fire deltakarar fysisk sit spreidd over tusenvis av kilometer i Bangladesh og India, gjennomførte dei kurset saman.

– Pandemien har skilt oss fysisk, men har samtidig opna for nye samarbeidsmoglegheiter. No har vi fått eit digitalt nettverk vi kan dra nytte av no og i framtida, seier kursdeltakar Rehana Noor.

Store regionale skilnader

I Norecs partnarland er det store regionale skilnader i tilgang til elektrisitet og internett. Det var ei klar utfordring for kursseksjonen når kursa skulle digitaliserast.

– Vi har hatt deltakarar som har gått store avstandar for å få tilgang på internett, for å kjøpe meir mobildata eller som har mista tilkoplinga fordi straumen forsvann i huset. Slike utfordringar er ikkje relevante for dei fleste som arrangerer digitale møter i Norge, men for mange av deltakarane våre er dette noko dei opplever dagleg, påpeikar kursleiar Patience Malunga.

Supplement framfor erstatning

Den siste månaden har heile Norge blitt digitalisert på rekordtid, men i mange av våre partnarland finst det ikkje ressursar for å gjennomføre ei slik omfattande omlegging på kort tid.

– Ved å utelukkande ha ei digital løysing vil vi miste mange deltakarar frå det globale sør på grunn av manglande digitale ressursar. Det kan aldri erstatte verdien av å møtast fysisk og dei omfattande heimkomstseminara vi arrangerer over ei heil veke. Men i denne situasjonen vi er i no har det vore ekstremt viktig å gjennomføre kursa våre på denne måten, seier Malunga og får støtte frå seksjonsleiar for kurs, Øystein Garfors:

–  Samtidig har kursa bidratt til at både kursseksjonen til Norec og deltakarane sin digitale kompetanse har blitt styrka.  Dette motiverer oss til å jobbe vidare med digitale løysingar som kan betre interaktivitet og relasjonsbygging i partnerskapa resten av året.  I framtida vil vi bruke erfaringa med digitale kurs som eit supplement til våre fysiske kurs, avsluttar han.