Direktør i Norec Jan Olav Baarøy: På utveksling lærer ein meir enn ein gir.

«Lang tids erfaring gjer at mange stiller spørsmål med verdien av eksperter frå nord sendt til land i sør – kva tenkjer dere om det?» Dette var eit av mange spørsmål frå salen under siste dagen av IVCO – International Volunteering Cooperation Organisations (der Norec var med) – i Montreal.

Spørsmålet vart diverre ungått eller oversett av panelet på scena (alle spørsmål kom opp på veggen, likt og dertil prioritert). Men derfor stod det att som eit klask på veggen om at no må det bli slutt på det einsidige fokuset på å sende folk frå nord til sør og tru at det skal skape ei betre verd.

Meir enn 50 organisasjonar frå nesten like mange land har møttes for å dele erfaringar i arbeidet med å inkludere kvinner og ungdom arbeidet for eit betre samfunn (at kvinner og ungdom per idag er svært, og ofte meir enn menn, engasjert i dette, vart presisert). Men det eg først og fremst fekk med meg frå salen er dette: Den makelause trua på at kunnskap frå nord er det som skal til for å løyse problemer i sør («nord» / «sør» her brukt som svært upresise, generelle termer).

For; Norec har sidan 2009 (som Fredskorpset) gjennomført spørjeundersøkjingar blandt meir enn 6 000 personar. Desse har anten vore på utveksling igjennom Fredskorpset, eller er leiarar som har sendt og motteke deltakarar frå Noreg og land i det globale sør, definert som utviklingsland. Det vi leser av denne statistikken er følgande:

  • Deltakarar opplever at dei lærer meir enn dei gir når dei er på utveksling.
  • Deltakarar bidrar mest til å styrkje verksemda når dei kjem attende frå utveksling.
  • Deltakarar frå det globale sør rapporterer i dobbelt så høg grad (som norske) at dei ser nye mogelegheiter heime når dei er på utveksling.
  • Og nesten alle reiser tilbake til sine heimland og verksemder.

Definitivt så er det kompetanse som vert overført frå Norge til land i det globale sør, og definitivt er det kunnskap som vert lagt att frå deltakarar frå sør som jobbar i Noreg eit år. Men i sum så er det når alle og ein kvar kjem attende til der dei kom ifra at dei sjølve og verksemda seier at dei utviklar seg.

Norec er svært stolt over å legge tilrette for gjensidig utveksling mellom land i det globale sør, frå land i sør til Norge og frå Norge til det globale sør. Men det faktum at det er utveksling av medarbeidarar eller medlemmer som gjer den største forskjellen, er framleis eit ganske utkjent for dei fleste land som er involvert i bistand. Dette skal vi vere med å endre.