Betre engelskkarakterar, meir internasjonalt engasjement og betre miljø. Slik har dei malawiske utvekslingsdeltakarane endra Flora vgs.

Utviklingsminister Dag Inge Ulstein besøkte i går Flora vidaregåande skule. Skulen har sidan 2012 samarbeidd med entreprenørskapssenteret Nkhotakota Youth Organization i Malawi og vore gjennom åtte rundar med utveksling av personell.

Ireen Mbunda og Steve Kapatuka er for tida på utveksling frå Malawi, og dei underviser i engelsk og matte på skulen.

–  Eg er glad vi kom før koronapandemien braut ut, og vi har blitt utruleg godt tatt vare på av alle her på skulen. Elevane var litt sjenerte i starten, men etter kvart vart dei tryggare på seg sjølv og turte å snakke engelsk, forklarar Ireen.

–  Eg likar måten lærarane her snakkar til elevane. Det er mindre formelt, og lærarane lyttar i større grad til elevane sine. Det skal eg ta med meg tilbake til Malawi, seier Steve og legg til:

–  Matematikken i Norge er mykje enklare enn den vi lærer i Malawi, det overraska meg.

Deltakarane frå Malawi og Uganda bestemte seg for å bli i Norge, medan dei norske deltakarane reiste heim då koronapandemien braut ut for fullt i mars.

–  Sjølv om eg berre var i Malawi nokre veker, var det eit vendepunkt i livet. Det finst fleire måtar å løyse utfordringar på, og utvekslinga har lært meg å sjå ting frå ulike perspektiv. Det er godt for skulen å ha prosjektet. Det set spor i alle elevane, seier Dag Henrik Nygård.

Viktig for alle skular
Utvekslingsprosjektet har mellom anna resultert i:

  • Yrkesskule i Nkhotakota
  • Kultur- og yrkesopplæringssenter i Nkhotakota. Over 750 elevar har fått minst eitt år opplæring i ulike yrkesfag gjennom dei to opplæringssentera
  • Solcelleselskapet Kumudzi Kuwale er eit direkte resultat av utvekslinga. Dei leverer straum til nesten 90 000 menneske og har 121 tilsette.
  • Engelskkarakterar blant yrkesfagselevar på Flora vgs. har økt frå 3,6 til 4.
  • 92 prosent av elevane er engasjert i det internasjonale arbeidet ved skulen.

I februar i år vart også Firda vgs. på Sandane ein del av prosjektet.

–  Alle skular i Norge burde hatt eit slikt prosjekt. Vi er inne i ei utfordrande tid, og då er det fantastisk å sjå slike unge rollemodellar, seier Ulstein.