Korleis markerer ein eit 20-årsjubileum når ein er på kvar si side av kloden og ikkje kan møtast fysisk? Då gjer ein det digitalt!

 Vi feirar 20-årsjubileet midt i koronapandemien, så det blir ikkje heilt slik som vi hadde sett det for oss, fortel Silvelin Havnevik, som er nasjonal rådgivar i Norges Musikkorps Forbund.

I 20 år har NMF hatt samarbeid med Field Band Foundation i Sør-Afrika. Gjennom Norec (Norsk senter for utvekslingssamarbeid) har organisasjonane utveksla lærarar mellom Noreg og Sør-Afrika sidan 2001. Slik har dei delt kunnskap, metodar og innsikt i korleis ein kan inkludere menneske gjennom musikken.

 Vi har hatt eit langt og godt samarbeid som vi gjerne vil markere. Då vi hadde 10-årsjubileum var vi rundt 100 personar frå Noreg som drog til Sør-Afrika for å feire. Men noko slikt kunne vi ikkje gjennomføre slik ting er no. Dermed måtte vi leggje hovuda i bløyt, seier Havnevik.

Vil sjå både framover og bakover
Ei målsetjing for feiringa skulle vere å syne kva dei to organisasjonane har oppnådd på vegen, samtidig som ein peikar framover på kva ein ønskjer å oppnå.

 I byrjinga såg vi for oss at vi skulle lage ein rapport som synte dette. Men etter kvart som vi jobba, byrja vi å tenkje på om det ikkje var betre å lage noko som kunne nyttast også framover når vi er ute og presenterer både organisasjonane våre og prosjekta, seier Havnevik.
Slik vart den digitale utstillinga fødd. Rett og slett ei utstilling der du kan flytte deg rundt i digitale rom og få høgdepunkt frå partnarskapet mellom Field Band Foundation og Norges Musikkorps Forbund.

– Det er som å gå rundt i ei utstilling, berre at det er digitalt og virituelt, og så kan du du trykkje deg inn på ting og få opp informasjon, seier Havnevik.

Har planar om å vidareutvikle utstillinga
Begge organisasjonane har vore med og bygd opp utstillinga, og planen er å halde fram og vidareutvikle ho.

 Vi byrjar med desse fem romma som vi har laga, men her kan ein byggje ut så mykje som ein vil. Vi gler oss veldig til å syne dette fram, seier Havnevik.
Utstillinga opnar 27. november og er opa for alle. Og sjølv om partnarane ikkje kan møtast fysisk, vil det vere arrangement både i Oslo og Johannesburg.

 Desse går føre seg samtidig og programmet vert streama slik at alle kan få med seg alt, fortel Havnevik.

Skal urframføre splitter nytt musikkstykke
Field Band Foundation har invitert alle tidlegare deltakarar i Sør-Afrika til å feire heile helga i Johannesburg. Blant anna skal det vere urframføring av eit stykke musikk som er laga av ein tidlegare deltakar, Ndabo Zulu, saman med den norske komponisten Magnus Murphy Joelson.

 Rundt 30 tidlegare deltakarar kjem til Johannesburg for å vere der heile helga. Dei skal øve inn det spesialkomponerte stykket fredag og framføre laurdag. I tillegg får vi besøk av den norske ambassadøren i Sør-Afrika, Astrid Emilie Helle, fortel Eva Bortne som er education manager i Field Band Foundation og lokal prosjektkoordinator for PULSE.

Håpar det gir motivasjon vidare

I tillegg er tre medlemmer frå kvart av dei ti banda i FBF inviterte for å komme til ein såkalla «survive and thrive»-kveld der dei skal dele erfaringane frå dei to åra som har gått.

 Vi skal feire at vi har komme gjennom to år med covid og at vi endeleg skal møtast igjen, seier Bortne.
Ho gler seg over at det er mogleg å feire 20-årsjubileet på ein slik måte, trass i pandemien som verda står i.

 Det er utruleg kjekt at vi får til dette, og det er gledeleg å kunne gjere noko som er sosialt. Det å sjå kvarandre i auga over god mat, det trur eg vi alle treng. Og så håpar eg det gir motivasjon til å halde fram vidare, seier Bortne.

Du kan besøkje den virituelle utstillinga her.

(Utstillinga tek litt tid å laste)