Logo og grafisk profil
Her finn du all informasjon du treng om logo, grafisk profil og om oss.
Logo og farger:
Følg linken for å laste ned logoen vår. Les regelverk for bruk av logo nøye. Dersom du har spørsmål, ta kontakt med din programrådgjevar i Norec, eller kommunikasjonsavdelingen i Norec.
Brukernavn: norec-partner
Passord: partner6800
Logo, fargar og regelverk knytta til dette
Namnet:
Vi brukar kortforma Norec på både norsk og engelsk. Norec skal skrivast med stor N, men elles små bokstavar. Det skal ikkje skrivast med store bokstavar (NOREC).
Første gang namnet kjem i ein tekst skal de skrive heile namnet anten på norsk eller engelsk, men bruke forkortinga vidare i teksten. Til dømes:
- Prosjektet er støtta av Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).
The project is funded by Norwegian Agency for Exchange Cooperation (Norec).
Omtale av oss:
Bruk følgjande tekst:
- Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap. Norec ligg direkte under Utanriksdepartementet, og er ein del av den norske statlege utviklingspolitikken. Kjerneverksemda er å legge til rette for gjensidige utvekslingar av tilsette og frivillige mellom bedrifter og organisasjonar i Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Norec har hovudkontor i Førde, Sogn og Fjordane, og har rundt 40 tilsette.
Vi minner om at de skal nemne oss når de omtalar prosjekt vi finansierer, anten det er i eigen kommunikasjon eller med journalistar/eksterne.
Slagord:
- Norsk: Utveksling for utvikling
- Engelsk: Change Through Exchange
Merk at slagordet på norsk berre har stor bokstav i byrjinga av det første ordet. På engelsk er det stor bokstav i byrjinga av alle tre orda.
Fredskorpsarar:
Vi brukar ikkje lenger fredskorpsarar eller FK participants. De kan omtale dei som Norec-deltakarar/utvekslingsdeltakarar/deltakarar eller Norec-participants/exchange participants/participants. Frå vår side er det også greit om de har eigne namn for dei.
Kontaktinformasjon:
Postadresse:
Norec
Postboks 461
6803 Førde
Besøksadresse:
Firdavegen 2
6800 Førde
Telefon: 57 99 00 00
E-post:
Nettside, sosiale medium:
www.facebook.com/norecno
Instagram: norecno
Twitter: norecno
LinkedIn: norec
Vimeo: www.vimeo.com, søk på «norec»