Hopp til hovudinnhald

23.04.2024: FRUKOSTMØTE I FØRDE – KORLEIS LØYSE SPRÅKFLOKEN?

23
april

Peak Sunnfjord, Førde

Å meistre det norske språket er ein nøkkel for å komme seg inn i både arbeids- og samfunnsliv.

Men kva gjer ein når ein kjem flyttande til Noreg, og ikkje har rett eller plikt til norskopplæring? Mange innvandrarar i Noreg kunne vore ein ressurs, men dei får ikkje sjansen. Manglande norskkunnskap gjer at dei ikkje ein gong vert kalla inn til intervju slik at dei får vise kva dei kan.

Kva gjer arbeidsgivarar som treng kompetansen til ein arbeidstakar, men ikkje torer å ta sjansen fordi han eller ho kan norsk for dårleg? Er det offentlege systemet godt nok til å vareta desse? Kan næringslivet i Sunnfjord saman komme opp med løysingar som vil gagne både potensielle arbeidstakarar og arbeidsgivarar?

Norec inviterer til frukostmøte på Peak Sunnfjord 23. april kl. 08.00-09.30. Programmet startar klokka 08.30. Men kom gjerne litt før og få deg ein matbit!

Sunnfjord kommune, Firda billag, Helse Førde, Nav og Kinn utdannings- og ressurssenter med fleire stiller til panelsamtale for å drøfte kva som må til for at færre skal hamne utanfor arbeidslivet, før dei ein gong har komme inn.

Debattleiar er Tone-Merete Lillesvangstu, Norec.

Vi set pris på at du melder deg på frukostmøtet via knappen ovanfor, slik at vi er sikre på at alle får frukost!

Velkomne!

Har du spørsmål? Kontakt tasle.knapstad@norec.no