Hopp til hovudinnhald

30.03.2023: Frukostseminar i Førde «korleis bruke mangfald som styrke»

Mangfald har lenge vore eit mykje diskutert tema, og er eit viktig kjenneteikn på ein framtidsretta arbeidsgjevar. Men kvifor bør du eigentleg ha fokus på mangfald? Og ikkje minst; korleis kan du nytte det som ein styrke for arbeidsplassen?

 

30 mars inviterer Norec, UWC red cross nordic, IT-forum vest og Framtidsfylket til frukostmøte på PEAK Sunnfjord. Frukost frå 0800. Vi startar programmet ca 0815 og held på omlag ein time.

Kanskje kan vi gi deg nokre nye perspektiv på korleis du kan legge til rette for mangfald på arbeidsplassen din?

 

Vi håpar du kjem!