Hopp til hovudinnhald

Arendalsuka 2024: Kunsten å kome heim – Korleis forvaltar vi best krysskulturell kompetanse?

13
august

Den globale scene (Den lille andeunge), Arendalsuka 2024

Norec er på Arendalsuka 2024 med to panelsamtalar. Bli med oss å diskutere verdien av internasjonal erfaring og korleis vi best forvaltar krysskulturell kompetanse.

Du finn oss på Den globale scene med partnarane våre Norad, CMI, Laerdal, PRIO, Sintef og Yara – Ei scene som set internasjonale utviklingsspørsmål på agendaen under Arendalsuka.

Norecs eigen Roger Sevrin Bruland vil leie samtalen,  tidlegare europakorrespondent og NRK-profil.

Med i panelet er profilar frå Norec, Norfund, Nato og NORCAP (Flyktningshjelpen).

 

  • Om arrangementet

     

    Mange nordmenn har teke utdanning eller arbeidd i utlandet, og skaffa seg verdifull erfaring.

    Korleis klarar det norske samfunnet å nyttiggjere seg av denne kompetansen? Finnes det forbetringspotensial?

    Samfunnsoppdraget til Norec er å arbeide for FNs bærekraftsmål 17:  Å skape samarbeid for at verda i felleskap skal nå bærekraftsmåla.

    Norec gjer dette ved å legge til rette for utveksling der vi bygger globale nettverk.

    Paneldeltakarane vil diskutere korleis krysskulturell kompetanse og nettverk for ei betre verd kan vere med løyse dei store krisene i framtida.

  • Panel

    • Roger Sevrin Bruland, Debattleiar, Norec
    • Jan Olav Baarøy, Direktør, Norec
    • Benedicte Giæver, leiar, NORCAP
    • Tellef Thorleifsson, Direktør, Norfund
    • Sissel Kruse, Strategisk kommunikasjonsrådgjevar, Natos generalsekretær