Hopp til hovudinnhald

LUNSJFOREDRAG: FINN STYRKEN I ANNLEISHEITA DI

05
juni

Elvesus, andre etasje

Velkommen til ei vitaminbombe av eit foredrag!

  • Korleis lukkast du sjølv om oddsen er imot deg?
  • Kva kan du sjølv gjere for å hevde deg på jobbmarknaden?
  • Vi er alle ulike – korleis kan du bruke akkurat DINE eigenskapar som ein fordel?

Foredraget passar for alle – anten du føler deg annleis eller ikkje! Men OBS! Det er avgrensa med plassar, så meld deg på tidleg.

Kimiya Sajjadi er eit av Norges mest kjende namn når det kjem til inkludering og mangfald, og er ein ettertrakta foredragshaldar.  I foredraget fortel ho korleis ho gjorde den fleirkulturelle bakgrunnen sin til ei superkraft.

  • Enkel lunsj serverast 11.30 til 12.00
  • Foredraget startar 12.00

 

Arrangørar: Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec), Sparebanken Sogn og Fjordane og Røde Kors United World College.