– For første gang sidan 1990-talet vert det no fleire fattige i verda. Afrika trengte 20 millionar nye jobbar før pandemien. I staden har 20 millionar jobbar forsvunne. Bistand – både i form av pengar og kunnskapsoverføring – vert difor avgjerande framover. Og der vil Norec spele ei nøkkelrolle, seier utviklingsminister Dag Inge Ulstein.

Koronapandemien har sett mange av Norec sine utvekslingar på pause. Nærmare 300 utvekslingsdeltakarar over heile verda har reist heim. I dag kom utviklingsminister Dag Inge Ulstein til Førde for å høyre korleis Norec og samarbeidspartnarane har tilpassa drifta etter at grensene vart stengt.

– I ei krise som dette treng vi meir internasjonalt samarbeid, ikkje mindre. Sjølv om den fysiske utvekslinga er sett på pause, har Norec sine samarbeidesprosjekt fortsatt i digitale kanalar, for å sikre framdrift. Det står det respekt av, seier Ulstein.

Korleis drive internasjonalt samarbeid utan å reise?
Strenge reiserestriksjonar og smittevernstiltak verda over gjorde at Norec måtte finne nye måtar å jobbe med internasjonalt samarbeid.

Alle samarbeidspartnarane til Norec har fått høve til å endre planar som følgje av koronautbrotet, og Norec har motteke kring 60 søknader frå prosjekt som vil tilpasse seg koronasituasjonen.

– Norec var ein av aktørane som var først ute med ein klar plan for korleis ein skulle handtere pandemien, og eit eksempel til etterfølgelse for andre, seier Ulstein.

Unntakstilstand
I Norge begynner livet så smått å gå tilbake til normalt. På verdsbasis har det aldri vore registrert fleire smittetilfeller enn det var i går. Ulstein understrekar at dei sosio-økonomiske konsekvensane av nedstenginga kan bli meir alvorlege enn sjølve pandemien.

– 256 millionar menneske står i fare for å bli ramma av svolt. Det er ei dobling frå før pandemien braut ut. Jobbskaping og kapasitetsbygging vert avgjerande for å kunne nå berekraftsmåla. Per i dag ser det mørkt ut. Vi kjem ikkje til å lukkast, dersom vi ikkje bygger utviklingsarbeidet på tankegangen Norec er tufta på, med gjensidighet som berebjelken i arbeidet.

Som følgje av reiserestriksjonar har regjeringa foreslått eit kutt på 59,5 millionar til Norec i det reviderte nasjonalbudsjettet. Direktør i Norec, Jan Olav Baarøy ser likevel optimistisk på framtida, og understrekar at internasjonalt samarbeid aldri har vore viktigare.

– Når verda er tilbake til normalen, har vi den same vekstambisjonen for Norecutvekslingar i 2021 og 2022 som før korona. Dette er ein unntakstilstand, og vi skal bidra i dugnaden. I tida etter koronapandemien vil det vere behov for endå større internasjonalt samarbeid og utveksling, og då skal Norec vere klar, seier Baarøy.