Junior Professional Officer

Har du lyst på ei spennande stilling i FN-systemet eller andre internasjonale organisasjonar? Då kan juniorekspertordninga vere noko for deg.

Junior Expert UN

Kva gjer ein juniorekspert?

Norge finansierer ca 40 JPO-stillingar årleg.

Arbeidsoppgåver:

  • bistå dei internasjonale organisasjonane med å bygge opp erfaring innan utviklingssamarbeid
  • bidra med internasjonal kompetanse i norske miljø
  • vere ein ressurs for framtidig rekruttering av nordmenn til FN

Som juniorekspert arbeider du to år på samme kontor i ein FN-organisasjon, og eit tredje år på ein annan lokasjon. På denne måten vil du både få erfaring frå eit feltkontor og frå eit hovudkvarter i FN, anten det er Geneve, New York, Nairobi eller Addis Abeba. Du vil få ei unik internasjonal arbeidserfaring og få viktig kjennskap til korleis FN-systemet fungerer.

Du inngår som eit vanleg stabsmedlem på eit FN-kontor. Du får også ein mentor som skal gje deg oppfølging både i faglege og administrative spørsmål.

Kvalifikasjonskrav

  • Norsk statsborgarskap
  • Utdanning på høgare nivå (minimum masterutdanning/tilsvarande) og to års relevant arbeidserfaring
  • God skriftleg framtstillingsevne
  • Svært gode engelskkunnskapar
  • Arbeidskjennskap til eit anna FN-språk blir vektlagt (spansk, fransk, russisk, kinesisk, arabisk)
  • Sterke menneskelege og interkulturelle ferdigheiter
  • Internasjonal erfaring og tilpasningsdyktighet

Tilsettingsvilkår

  • Det er organisasjonen du vert tilsett i som har arbeidsgjevaransvar, og vilkår for tilsetting vert bestemt av organisasjonen.
  • Løn på P2-nivå, pluss ulike tillegg som vert justert mot kostnadsnivå på tenestestad. Som tilsett i FN er du friteken for skatt, både i Norge og i landet du gjer teneste i.
  • Reise og flytteutgifter vert dekka for deg og medfølgande ektefelle, registrert sambuar/partnar og barn. Minst to års registrert sambuarskap må kunne dokumenterast.
  • 30 dagars ferie pr år.
  • Du må sjølv finne og betale for bustad
  • Du blir tilknytta FNs ordningar for sjuketrygd og ulykkesforsikring.