Etter to år med berre digitale kurs kunne Norec endeleg invitere til kurssamling i Johannesburg i Sør-Afrika.

70 deltakarar representerte over 20 ulike partnarskap på Norec sitt partnarkurs i Johannesburg i Sør-Afrika i mai.

– Programmet var engasjerande, lærerikt og spennande. Eg drog heim att med meir kunnskap enn eg kunne ha ønska på førehand, seier Titin Albina i Laboremus Uganda.

Ho tykte det var spesielt kjekt å endeleg få møte att ein kollega frå den norske partnaren deira.

– Det var fantastisk å kunne møtast fysisk etter to år. Det er noko anna å kunne møtast ansikt til ansikt, seier Albina.

Det er dagleg leiar i Laboremus Group, Hermund Årdalen, samd i.

– Gjennom samlinga og kurset fekk eg god kontakt med representanten for partnaren vår i Laboremus Uganda, og det sette eg stor pris på, seier Årdalen.

Han legg til at det faglege innhaldet på kurset var høgt, og gav han nyttig kunnskap.

– Eg hadde mange a-ha-opplevingar på kurset gjennom øvingane vi gjorde. Det var kjekt og lærerikt å møte både Norec-tilsette og andre partnarar og kunne dele erfaringar, seier Årdalen.

Partnarsamling Johannesburg mai 2022
Partnarsamling Johannesburg mai 2022
Partnarsamling Johannesburg mai 2022
Partnarsamling Johannesburg mai 2022
Partnarsamling Johannesburg mai 2022
Partnarsamling Johannesburg mai 2022
Partnarsamling Johannesburg mai 2022

Enorm pågang frå deltakarar

Kurset i Johannesburg vart større enn opphavleg tenkt fordi pågangen frå deltakarar var uvanleg stor.

– Vi har eigentleg eit tak på 40 deltakarar per kurs, men sidan responsen var så stor, valde vi å køyre to kurs parallelt. Det har vi aldri gjort før, men det vart ein suksess på alle måtar, seier kursleiar Patience Malunga.

Ved å køyre to parallelle kurs, var det også ei gyllen moglegheit for endå fleire partnarar til å knyte kontakt.

Med på kurset var partnarar frå Brasil, Burundi, Ghana, Kenya, Madagaskar, Malawi, Mosambik, Norge, Zimbabwe, Sør-Afrika, Tanzania, Uganda og Zambia.

– Dei siste to åra har alt av kurs vore digitalt, så mange hadde eit stort behov for å møtast. Vi fekk ståande applaus då vi var ferdige, og det har eg aldri opplevd på kurs før, fortel Malunga.

Fleire av partnarane starta samarbeidet sitt medan pandemien framleis herja, noko som gjorde til at mange aldri har sett kvarandre anna enn digitalt.

– Det betyr mykje for dei å endeleg kunne møtast på vanleg vis. For fleire gav dette ein boost i partnarskapet, for andre gav det ytterlegare motivasjon til å starte opp att med utveksling. Partnarane våre er veldig klare for å komme i gang att med utveksling, seier Malunga.

 

Partnarkurs Johannesburg 2022

Fekk byggje nettverk

I forkant av partnarkurset vart det arrangert ei to dagar lang partnarsamling, der 42 deltakarar frå det sørlege Afrika deltok.

– Fleire av partnarane hadde aldri møtt kvarandre eller nokon av oss i Norec anna enn digitalt. Samlinga var først og fremst ei moglegheit til å møtast fysisk og gi partnarane eit nettverk og ei plattform til å kunne diskutere felles utfordringar og dele gode erfaringar, seier kursleiar Tor-Øyvind Rand i Norec.

Den to dagar lange samlinga gav gode moglegheiter til frie samtalar og diskusjonar, i tillegg til fagleg innhald både om norsk bistand i det sørlege Afrika og informasjon om ulike Norec-prosjekt.

– Svært mange gav uttrykk for at det er langt meir lærerikt å møtast ansikt til ansikt, og noko dei har sakna i pandemi-perioden der dette ikkje har vore mogleg, seier Rand.

Han legg til at mange partnarar ivrar sterkt etter å komme i gang med utveksling att.

– Eg trur pandemien har synleggjort kor effektiv Norec-metoden er. Alle gler seg til å starte fysisk utveksling fordi ein ser kor stor nytteverdien er, seier Rand.