Henrik Dale jobbar som juniorekspert i FN

Namn: Henrik Dale
Alder: 31
Stilling: Juniorekspert i FNs Spesialutsending for Ungdom
Kvar: New York, USA

Kva er ein typisk arbeidsdag for deg?
Eg bistår med å implementere FNs Ungdomsstrategi (Youth2030). Målet med strategien er å gjere FN betre rusta til å involvere unge, slik at FN kan dra nytte av deira synspunkt, innsikt og idear. Eg gir støtte til FNs landkontor for å sikre at arbeidet deira er i tråd med Youth2030. Eg føler eg har mykje ansvar og friheit i jobben.

Kva likar du best ved jobben?
Det er veldig spennande å jobbe i eit internasjonalt miljø. Sidan eg jobbar ved hovudkvarteret er eg ofte i kontakt med representantar frå andre land sine delegasjonar til FN. I tillegg er strategien eg jobbar med å implementere verdsomspennande og gjeld heile FN-systemet. Dette gir meg ei unik innsikt i FNs arbeid over heile verda.

Kva er mest utfordrande med jobben?
FN består av ei rekke ulike einingar, og svært mange av dei jobbar med prosessar som handlar om ungdom på ulike måtar. Desse prosessane er ofte veldig langvarige, og har gjerne vart over fleire år. Det har vore utfordrande å finne moglegheiter for å påverke desse prosessane. Men det er utfordrande på ein god måte. Det er gøy og interessant.

Kvifor kvalifiserte du for jobben?
Kravet for stillinga mi var mastergrad og minimum to år arbeidserfaring etter master. Eg veit at FN verdset internasjonal erfaring, eller at ein kan vise til at ein har jobba på ein internasjonal arbeidsplass eller med internasjonale spørsmål. I mitt tilfelle trur eg det var viktig at eg allereie kjenner til FN-systemet. Eg har tidlegare jobba som FN voluntør i Jordan.

Er du norsk statsborgar og interessert i å jobbe i FN systemet? Vi har fleire ledige stillingar ute både som juniorekspert og UNV under ledig stilling på norec.no