Norec var representert då norsk, svensk og kenyansk næringsliv møttest til seminar i Kenyas hovudstad Nairobi for å sjå moglegheiter i grøn teknologi og berekraftige løysingar.

– Vi fekk møte mange aktørar både i verkemiddelapparatet, men også i næringslivet, fortel seksjonsleiar i Norec, Tehetena Woldemariam.

Saman med programrådgivar Mark Elvevåg deltok ho på næringslivsseminaret som var i regi av Innovasjon Noreg og Business Sweden. Målet var å skape ein møteplass for næringslivet, der bedrifter innan mattryggleik, teknologi og rein energi kunne knyte nettverk.

– Det er viktig for oss å profilere Norec-modellen for aktuelle aktørar. Her fekk vi knyte kontaktar med eit nettverk som er viktig for oss, seier Woldemariam.

Fekk innblikk i ulike erfaringar

Dei rundt 400 personane som deltok på seminaret var næringslivsaktørar frå Kenya, Noreg og Sverige som anten har investeringar eller interesser i Kenya. Fleire av desse heldt foredrag om sine erfaringar.

– Det var svært nyttig for oss å lære både om økonomiske forhold i Kenya, men også kva utfordringar og moglegheiter næringslivsaktørar ser, fortel Woldemariam.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Victoria av Sverige var spesielt invitert til næringslivsseminaret. Det var også ein norsk og ein svensk næringslivsdelegasjon. Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og statssekretærar frå Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet var del av den norske delegasjonen.

Ser stor interesse blant norske bedrifter

I samband med besøket på næringslivsseminaret, var dei to kongelege representantane spesielt invitert for å opne eit felles eksportkontor for Innovasjon Noreg og Business Sweden i Nairobi.

Dette kjem til å utvikle det nordisk-kenyanske samarbeidet ytterlegare. Vi ser ei stor interesse blant norske bedrifter for å utforske den afrikanske marknaden, særleg innan energi og landbruk, seier administrerande direktør i Innovasjon Noreg, Håkon Haugli.

– Økonomien i Kenya går sterkt framover og det finst eit stor potensial for nordiske bedrifter i det å komme med produkt, tenester og løysingar som bidreg til mattryggleik og eit meir teknologisk samfunn, seier Eli Bleie Munkelien, som leiar Innovasjon Noregs satsing og kontor i Aust-Afrika.