Ved å utveksle kunnskap vil to organisasjonar gi betre omsorg for foreldrelause og sårbare born og unge i lokalsamfunn i Kenya og Rwanda.

I Rwanda jobbar Centre Marembo Organization for å hjelpe sårbare unge jenter som er offer for kjønnsbasert vald til eit godt liv. Port Florence Youth Initiative i Kenya jobbar for å gi ungdom ferdigheiter innan mange forskjellige felt for å gjere dei rusta til å ta gode val i livet.

Ved å lære av kvarandre sine måtar å jobbe på, vil dei to organisasjonane få tilført meir kunnskap og innsikt, noko som vil betre tilboda dei har i sine respektive land.

Ti månadar lang utveksling

Dei to organisasjonane har teikna ei toårig avtale, og er inne i si første runde med utvekslingssamarbeid finansiert av Norec. I september reiste to deltakarar frå kvar organisasjon på ei ti månadars utveksling til den andre organisasjonen.

Programrådgivarane Ingebjørg Lingaas og Tor-Øyvind Rand frå Norec besøkte Centre Marembo Organization i Kigali i Rwanda tidlegare i haust og fekk eit kjapt møte med dei ferske utvekslingsdeltakarane.

– Utvekslinga var inne i si tredje veke då vi besøkte dei. Det var kjekt å sjå kor godt Lilian og Brenda frå Kenya hadde funne seg til rette, seier programrådgivar Ingebjørg Lingaas i Norec.

Deltek i fleire program

Sjølv om utvekslinga var i ein svært tidleg fase då Norec var på besøk, fekk Lingaas og Rand eit godt inntrykk av korleis samarbeidet fungerer.

– Lilian og Brenda, som kjem frå Port Florence Youth Initiative, har funne seg godt til rette i Rwanda. Centre Marembo har mange forskjellige program, Lilian og Brenda er engasjert i tre av dei, fortel Lingaas.

Mellom anna er dei med i eit syprosjekt der kvinner lærer å sy eigen design, for å kunne selje eigne produkt. I eit eige utstillingslokale kan folk sjå dei forskjellige kreasjonane utstilte, for så å kunne kjøpe dei.

– Det er veldig spennande å få innblikk i korleis Centre Marembo jobbar. Dei har mange program som gir sårbare kvinner kunnskap, noko som igjen gjer dei sjølvstendige og trygge, seier Lilian Adhiambo Owaga.

– Vi ser allereie at mykje av det vi får innblikk i her er kunnskap vi kan ta med oss og gjere nytte av heime i Kenya, seier Brenda Anne Awour.