Trass pandemi og ingen fysiske internasjonale møte: Også i 2021 har kompetansen til Norec vore etterspurt av både internasjonale organisasjonar og styresmakter i andre land.

Førespurnader

 

  • United Nations Volunteer (UNV): UNV står i ei særskilt stilling etter at Norec tok over rekruttering til UNV 1. april i år. Norec har i mange år samarbeidd med UNV i Forum og VGA om å dokumentere og fremme frivilligheit. I 2021 har begge partar tatt initiativ til å forsterke samarbeidet. Norec har mellom anna bidrege inn i strategiprosessen til UNV.
  • Norec har på ulike vis samarbeidd med FNs kontor for sør-sør samarbeid (UNOSSC) gjennom ti år. I 2021 vart Norec som ein av 40 partnarar intervjua i høve eit nytt strategisk rammeverk for UNOSSC 2022–25.
  • Norec har samarbeidd med FNs utviklingsprogram (UNDP) gjennom Africa Finance Center Hub i Pretoria om å fremme og støtte sør-sør samarbeid. I 2022 sender vi JPO dit.
  • FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og FNs busettingsprogram (UN Habitat) er døme på FN-organ som har kome til Norec primært med ønske om ei form for finansiering av personellutvekslingar i eigen regi.

 

Norec har også blitt intervjua når andre land gjer evalueringar av sine internasjonale ordningar for frivilligheit eller utveksling. For 2021 gjeld dette:

  • Australia: Rapport om AVI der Norec blei intervjua, som einaste land utanfor samveldet
  • Irland: Møte om erfaringar med utflytting av bistandsfunksjonar frå hovudstaden
  • Frankrike: Evaluering av den halvstatlege France Volontaires
  • Canada: Samtale om handtering og programkonsekvensar av koronakrisa
  • Egypt: Invitasjon til å diskutere sør-sør samarbeid i Egypt International Cooperation Forum.

 

Når det gjeld ikkje-statlege organisasjonar har International Association for Volnteer Effort International (IAVE) og Norec hatt gjensidige konsultasjonar om strategispørsmål, forskingsplanar og moglege samarbeid rundt IAVE sitt globale nettverk for leiarar innan frivilligheit.

  • Brazil-Africa institute (IBRAF) ønsker stønad til å vidareutvikle programsamarbeidet sitt innan forsking og høgare utdanning mellom Brasil og utvalde afrikanske land.
  • International Cultural Youth Exchange (ICYE) har tatt kontakt på grunn av Norec sin profil som kompetanseorgan på sør-sør samarbeid. Dei ønsker å sjå på moglegheiter for å utvikle sitt program.
  • Norec har også nær kontakt med Forums europeiske medlemmer, særleg utvekslingsorganisasjonane i Sveits, Frankrike, Tyskland og Irland om felles moglegheiter og utfordringar.

 

Forsking og publisering

 

  • Norec finansierte og deltok i Forums studie covid-19 and the Future of Volunteering for Development, som handla om korleis volunteering-organisasjonane handterte pandemien. Denne skal følgast opp i 2022 med eit nærare studie av perspektiva framover, også med finansiering frå Norec.
  • Norec bidrog inn i GPI-rapporten Leveraging Triangular Partnerships and Build Back Better from the Pendemic, som vart lansert 12. september. Samtidig vart også ein to minuttar lang video, som promoterer triangulært samarbeid, lansert med Norec-støtte.
  • Norec inngjekk også ein avtale med UNOSSC om utlysing av forskingsoppdrag for tenketankar i sør på tema sør-sør personellutveksling. Dette vil bli utført i 2022.

 

Bidrag i webinar og konferansar

 

  • Norec deltok aktivt i Norges delegasjon til årets HLPF, og heldt innlegg i det årlege UNOSSC’s Director General’s Forum, der nasjonale bistandsorgan som leiar sør-sør samarbeid er med.
  • Innan volunteering-sektoren heldt Norec innlegg i eit webinar om VNR- rapportering i regi av IAVE og UNV, Reporting the Impact of volunteering to achieve the Agenda 2030, som hadde over 400 innlogga deltakarar verda rundt. I tillegg modererte Norec eit webinar arrangert av Forum om temaet Public Diplomacy.
  • Norec modererte også ein sesjon om Directionality på årets IVCO, der også eitt av partnarskapa våre blei profilert. Her sto gjensidighetsprinsippet i fokus. Norec skreiv også på førespurnad to korte, tematiske innlegg til IVCO, eit om gåver sett i bistandsperspektiv og eit om sjølvbilete innan frivilligheit.
  • Norec deltek i månadlege møte med GPI om dokumentasjon, analyse og fremming av triangulært samarbeid. Her sit Norec i styret til nettverket (core group) og bidreg til finansiering av koordinator. GPI har bl.a. arrangert eit Market place for interessentar som gav vid eksponering.
  • Norec har også deltatt og gitt bidrag inn i OECDs fortløpande Knowlegde Sharing Initiative on Triangular Cooperation, som samlar spesielt tenketankar og faglege miljø innan utvikling. I tillegg er Norec med i ein rapport gitt ut av OECD i samarbeid med RIS om Triangulært samarbeid med India.