Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Framtidige utvekslingar og utbrotet av koronaviruset

Informasjon til alle Norecpartnarar om framtidige utvekslingar

Av Norec.
Sist oppdatert: 17.03.2020

 

Utvekslingar som startar mellom april og juli: Utsett fram til vidare

  • Alle nye utvekslingar som startar mellom april og juli vert utsett fram til vidare.
  • For å støtte partnarar og deltakarar i desse usikre tidene vil Norec dekke tre månadar løn og bukostnadar der det er naudsynt. Dette vert basert på dei avtalte summane i godkjende deltakarbudsjett. Dette gjeld mellom 14. april–14. juli.
  • Norec vil også dekke administrasjonsutgifter i desse tre månadane, i samsvar med budsjettretningslinjene. Vi ber om at de diskuterer detaljane med programrådgivaren dykkar.
  • Akkurat no er det umogleg å føresjå kva som vil skje dei neste vekene og månadane. Vi vil gjere ei ny vurdering av situasjonen innan 7. april 2020.

 

Utvekslingar som startar i august og september: Vi overvakar situasjonen nøye

  • Vi håper verda har gått tilbake til normalt innan august, men situasjonen er ikkje føreseieleg.
  • Vi vil ta imot og behandle søknadar for utvekslingar som startar i august og september som normalt.
  • Likevel, denne situasjonen kan skape problem for rekrutteringsprosessen og dei første delane av prosjekta dykkar. Vi ber dykk ta omsyn til at denne situasjonen kan bli langvarig når de planlegg dei komande utvekslingane.

 

Vi anbefaler at de les Norecs artikkel frå fredag 13. mars om kva tiltak som vert innført i Norge for augeblikket. Vi veit at ulike mediebyrå framstiller situasjonen i Norge og Europa på ulike måtar, og ikkje alt er korrekt.

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon