Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Informasjon til alle Norec-partnarar angåande utbrot av koronavirus (COVID-19)

Norec følgjer situasjonen tett, og gjer kontinuerlege vurderingar etter kvart som informasjonen om utviklinga av utbrotet vert kjent.

Av Norec
Sist oppdatert: 11.03.2020

 

Følg den lokale situasjonen  

  • Vi ber partnarskapa om å vurdere den lokale situasjonen og oppdatere «emergency plans» i samsvar med dette.  
  • Alle må også sjekke forsikringane til deltakarane nøye.  

 

Legg planar for pågåande og komande utvekslingar  

  • Alle partnarskap må legge planar for pågåande og komande utvekslingar ut frå den lokale situasjonen.  
  • Eventuelle ekstra reisekostnadar grunna utbrotet blir dekka av Norec. Kontakt programrådgivaren din om dette.  
  • Vi anbefaler å bestille fleksible billettar. 

 

Kurs i april er avlyst  

  • Norec-kursa i Bangkok og Kampala i april er avlyst.  
  • Kursa våre samlar folk frå mange ulike land, og dette kan potensielt auke risikoen for spreiing av viruset. Norec ønsker å vere føre var i denne situasjonen.  
  • Dei råka partnarskapa vil få meir informasjon frå kursteamet til Norec angåande dette.  

 

Norec kjem til å sende oppdateringar om korleis vi handterer situasjonen etter behov. Dersom det er nokon andre spørsmål, ver vennleg å ta kontakt med programrådgivaren din.  

 

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon