Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Korona – kva gjer Norec?

Norec ønsker å vere med på den nasjonale dugnaden med å hindre spreiing av koronaviruset. Både i Norge og i dei 25 samarbeidslanda våre i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Av Norec
Sist oppdatert: 12.03.2020

 

Alle reiser avlyst eller utsett 

Tilsette i Norec gjennomfører jamleg internasjonale reiser for å følgje opp over 80 prosjekt land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Alle reiser ut april månad er no avlyst, og vi vurderer situasjonen fortløpande for reiser som er planlagt seinare i vår.  

 

Mange land Norec samarbeider med har ikkje eit like velutvikla helsevesen som Norge. Her har eit særleg ansvar for å ikkje medverke til smittespreiing i land som ikkje er like godt rusta for å takle det som Norge.  

 

Alle kurs avlyst eller utsett  

Norec har avlyst alle kurs i Kampala og Bangkok i april, samt utsett eit kurs i Bergen i maiKursa våre samlar folk frå mange ulike land, og dette kan potensielt auke risikoen for spreiing av viruset. Norec ønsker å vere føre var i denne situasjonen.  

 

Kurs er ein del av kjerneverksemda til Norec. Det er svært viktige for å førebu utvekslingsdeltakarar på kvardagen på jobb i eit nytt og ukjent land. Difor er det med tungt hjarte vi avlyser desse. Heldigvis jobbar det mange flinke folk både i kursseksjonen og i Norec. Dei er i gang med å sjå på korleis vi kan løyse noko av opplæringa på andre måtar.   

 

Alle tilsette oppmodast om heimekontor inntil vidare

Mange av oppgåvene til Norec kan gjerast frå kvar som helst i verda. Vi har gode digitale løysingar som gjer det mogleg å jobbe heimefråAlle tilsette er bedt om å ta heimekontor så langt det er mogleg.  

 

 

Jamlege (digitale) koronamøter  

Alle tilsette vil få jamlege informasjon frå leiinga om situasjonen. Anten i form av digitale møter eller via digitale kanalar for internkommunikasjon. Leiinga har daglege koronamøter.  

 

Ein representat frå leiinga har også møter med Utanriksdepartementets koronavirus-gruppe. Leiinga er også i tett dialog med bedriftshelsetenesta og lyttar til råd og anbefalingar derfrå.  

 

Informasjon til partnarane gjennom e-post og nettsider.  

Norec vil sende ut e-postar med informasjon til dei om lag 200 partnarane våre. Vi oppmodar dei om å følgje lokale råd og oppdatere seg på situasjonen som er gjeldande for sitt land. Det er også opp til partnarane sjølv å vurdere om dei ønsker å gjennomføre utvekslingane, basert på situasjonen lokalt. Norec dekker eventuelle ekstra reisekostnadar som oppstår grunna utbrotet.  

 

Nettsidene våre www.norec.no vil også bli jamleg oppdatert med informasjon til partnarane. Partnarane igjen er ansvarlege for å syte for at deltakarane har alt dei treng av informasjon og praktiske løysingar.   

 

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon