Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Pågåande utvekslingar og utbrotet av koronaviruset

Informasjon til alle Norecpartnarar om pågåande utvekslingar

Av Norec.
Sist oppdatert: 17.03.2020

 

Hald programrådgivaren din oppdatert

  • Vi gir daglege oppdateringar til Utanriksdepartementet om statusen på prosjekt og deltakarar. For at vi skal kunne gi korrekt informasjon er det viktig at du held programrådgivaren din i Norec oppdatert på statusen til dine deltakarar.
  • Til partnarar i Norge: UD er i løpande kontakt med norske ambassadar om nordmenn i utlandet.
  • Til partnarar i andre land: Hald deg oppdatert gjennom dine lokale ambassadar og be dei om assistanse dersom det er naudsynt.

 

Hald deg oppdatert om situasjonen i kvart land

  • Situasjonen no er ikkje føreseieleg, og endringar skjer dagleg. Landegrenser stenger, fly vert kansellert og ulike restriksjonar vert innført over heile verda.
  • Hald deg sjølv og deltakarane dine oppdatert på situasjonen lokalt og ver i regelmessig kontakt i partnarskapet.
  • I nokre tilfelle vil det vere tryggast for deltakarane å bli verande der dei er, medan det i andre tilfelle vil vere tryggast for dei å reise heim. Situasjonen kan også endre seg dei neste dagane og vekene.
  • Vi anbefaler at de held tett kontakt med deltakarane i denne situasjonen. Sjølv om det ikkje kjem fram ny informasjon er det bra å ha meir regelmessig kontakt. Mange land får dagleg nye retningslinjer og restriksjonar. Diskuter dette med deltakarane.

 

Kva skjer når deltakarane kjem heim?

  • Mange deltakarar kjem tilbake til heimlandet før utvekslingsprosjektet er avslutta, og har ikkje planlagt for dette.
  • For å støtte partnarar og deltakarar i desse usikre tidene vil Norec dekke tre månadar løn og bukostnadar der det er naudsynt. Dette vert basert på dei avtalte summane i godkjende deltakarbudsjett. Norec vil også dekke administrasjonsutgifter i desse tre månadane, i samsvar med budsjettretningslinjene.
  • Dette vil gjelde perioden 14. april – 14. juli. Støtta vert berre gitt i tilfelle kor det er naudsynt og vert avslutta når kontrakten med deltakarane skulle bli avslutta. Vi ber alle partnarar diskutere detaljane med programrådgivarane.
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon