Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Til partnarar med deltakarar som har reist heim frå utveksling, eller som ikkje får starta utvekslinga si

Norec har følgt den globale utviklinga til covid-19 tett dei siste vekene. Det er no klart at verda vil vere i unntakstilstand lenger enn vi håpa på for ein månad sidan.

Av Norec

Sist oppdatert: 27.04.2020

 

Det er no reiserestriksjonar i og mellom nesten alle land, inkludert kansellerte flyavgangar og innskrenkingar i behandling av visumsøknadar. Det verkar ikkje som om reising vil bli normalisert innan tidlegast november 2020, og kanskje ikkje før i 2021. Dette påverkar utvekslingsprosjekta til Norec og partnarskapa dykkar.

 

Til partnarar med deltakarar som har reist heim frå utveksling, eller som ikkje får starta utvekslinga si

  • Norec vil, som tidlegare informert om, dekke løn og bukostnadar for deltakarar og administrasjonskostnadar for partnarar fram til 14. juli.
  • Norec kan ikkje dekke kostnadar etter 14. juli. De kan ikkje gi deltakarane Norec-løn etter 14. juli.
    • Dykkar eksisterande avtale dekker kostnadar for deltakarar på utveksling i eit anna land.
    • Mandatet til Norec dekker ikkje arbeidsplassering i eige land.
    • Dette er ei mellombels løysing som er kome på plass for å dekke ei lengre overgangsperiode for deltakarane. Vi håpte situasjonen ville normalisere seg raskare, men det har den dessverre ikkje gjort.

 

Norec vil invitere dykk til eit nettmøte om kort tid. På desse møta vil vi forklare korleis vi vil følgje dykk opp administrativt om dei pågåande endringane. Vi vil også forklare kva vi kan gjere for å støtte partnarskapa dykkar i denne perioden når ting ikkje kan gå som normalt, og korleis de kan søke. Invitasjon og informasjon vil bli sendt ut i ein eigen e-post.

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon