Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Å vere Norec-deltakar

  • Korleis bli deltakar?
  • Økonomi
  • Utfordringar
  • Etiske retningslinjer

Korleis bli deltakar?

Norec finansierer utvekslinga, men vi står ikkje for rekruttering av deltakrar. Det er det partnarorganisasjonane sjølve som tek seg av. Dersom du er interessert i å vere deltakar, kan du lese om prosjekta på våre prosjektsider, og ta direkte kontakt med våre  partnarane når dei har eksterne utlysingar. 

Norec finansierer sjølve utvekslinga og er ansvarleg for kursing av deltakarar og partnarar.

Økonomi

Dette dekker Norec:

  • Lommepengar
  • Innkvartering og straum
  • Reise- og helseforsikring
  • Reisetilskot, visa, pass, arbeidsløyve
  • Vaksinasjonar
  • Transport til og frå vertslandet og til og frå opplæringar

Merk at du må betale skatt til heimlandet eller vertslandet. Partnarorganisasjonen din er ansvarleg for å kontakte skattemyndigheitene om dette. Norecs bidrag vert kanalisert gjennom organisasjonen.

Kva gjer du om ting er vanskeleg?

Dersom det oppstår konfliktar, utfordringar eller vanskelege situasjonar medan du er på utveksling, er det viktig å løyse dette snarast mogeleg. 

Vi oppfordrar til å bruke følgande kommandokjede:

  1. Din partnar i vertslandet.
  2. Din partnar i heimlandet.
  3. Norec. Kontakt Norec viss problemet er svært viktig og kommunikasjonen med partnarane dine ikkje har forbetra situasjonen.

Etiske retningslinjer
Arbeidet i Norec er tufta på likeverd, solidaritet og gjensidigheit. Våre etiske prinsipp står i sentrum av desse verdiane. Deltakarar, partnarar og medarbeidarar er alle saman ambassadørar for Norec, og skal opptre i samsvar med disse etiske retningslinjene i arbeidet vårt og i våre relasjonar til andre.

Vi er kulturbevisste
Vi set oss inn i lokale lover og reglar, kultur og tradisjonar, og oppfører oss på ein måte som viser respekt for dette.

Vi respekterer menneske si verdigheit
Gjennom måten vi opptrer på, viser vi respekt overfor alle enkeltpersonar, uansett rase, kjønn, religion, hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav, språk, seksuell legning, alder, sosioøkonomisk status, politisk overtyding eller eventuelle andre særtrekk. Vi aksepterer ikkje noko form for trakassering, misbruk eller diskriminering.

Vi er ansvarlege
Vi vurderer miljøkonsekvensane av aktivitetane våre. Vi utnyttar ikkje vår posisjon for å oppnå fordelar for oss sjølve eller andre. Vi har nulltoleranse overfor korrupsjon og andre finansielle avvik, og vi rapporterer uakseptable forhold eller uakseptabel åtferd.

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon