Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Kurs for deltakarar

  • Norecs filosofi
  • Training 1
  • Training 2
  • Youth Camp

Norecs filosofi
Riktig førebuing er avgjerande for vellukka utvekslingar. Norec tilbyr førebuande kurs for alle deltakarar, og følger dei opp før, under og etter utvekslinga. 

Det overordna målet for våre kurs er å styrke partnarskapa, og saman jobbe for å finne felles løysingar på FNs berekraftsmål. Kursa vektlegg både resultat og læring, og skal sikre at deltakarar og partnarar får mest mogeleg ut av prosjektet, både på einskild- og organisasjonsnivå. 

Aktiv deltaking er ein viktig del av kursa, og vi oppmodar deltakarne til å dele sine erfaringar, og reflektere over målsetjingar og resultat. Kursa nyttar ulike undervisningsmetodar for å motivere deltakarane til å bli gode endringsagentar i sine lokalsamfunn. 

Training 1
Training 1 er obligatorisk for alle deltakarar i Norecs profesjonelle program. Her inviterer vi alle deltakarar som skal reise på utveksling, til ei veke med førebuingar – enten i Bangkok, Johannesburg, Kampala eller Bogotá.

Kursstad vert valt ut frå kvar deltakarane kjem frå eller skal reise til, for å minimere reisetid og kostnader.

På kurset går vi gjennom følgande modular:

  • Å vere Norec-deltakar
  • Kommunikasjon i ei Norec-utveksling
  • Tverrkulturell tilpassing 
  • Helse, tryggleik og velferd
  • Global forståing


Etter kurset vil du kunne:

  • Sjå verda frå fleire perspektiv, reflektere over di eiga stilling i verdssamfunnet og vere førebudd på å engasjere deg som verdsborgar og endringsaktør
  • Skildre og drøfte korleis du som Norec-deltakar er del av eit større samfunn av partnarar og deltakarar som deler ein felles visjon og felles verdiar
  • Identifisere personlege og yrkesmessige utfordringar knytt til å bu og leve i ein annan kulturell kontekst. Du vil lære deg spesifikke verktøy og tilnærmingar for å førebyggje, redusere eller overvinne desse utfordringane


Kost og losji vert dekt av Norec, medan reisekostnader inngår i CA-tilskotet.

Training 2
Training 2 er obligatorisk for alle deltakarar i Norecs profesjonelle program. Her inviterer vi alle deltakarar som kjem tilbake frå utveksling, til eit kurs – enten i Bangkok, Johannesburg, Kampala eller Bogotá.

Kursstad vert valt ut frå kvar deltakarane kjem frå eller skal reise til, for å minimere reisetid og kostnader.

På kurset går vi gjennom følgande modular:

  • Å identifisere erfaringar og ny læring
  • Å dele ny kunnskap
  • Heimkomst og gjenintegrering: utfordringar og mogelegheiter
  • Global forståing


Etter kurset vil du kunne:

  • Identifisere og sette ord på ny læring og nye erfaringar, og i tillegg vurdere gode og dårlige resultat
  • Beskrive utfordringar knytt til heimkomst og gjenintegrering, og utvikle strategiar for å førebygge, minimere eller overvinne desse utfordringane
  • Analysere korleis du kan forstå ditt eige prosjekt og dine eigne erfaringar i ein global utviklingssamanheng
  • Planlegge korleis du kan bruke utvekslingserfaringa for å gjere deg til ein meir effektiv endringsaktør 

Youth Camp
Youth Camp er obligatorisk for alle deltakarar i Norecs Voluntørprogram. Her inviterer vi alle deltakarar som skal sendast på utveksling, til ei veke med førebuingar – enten i Oslo, Bangkok, Johannesburg, Kampala eller Bogotá.

Kursstad vert valt ut frå kvar deltakarane kjem frå eller skal reise til, for å minimere reisetid og kostnader.

På kurset går vi gjennom følgande modular:

  • Å vere ein Norec-deltakar
  • Ungt leiarskap
  • Global forståing
  • Kommunikasjon under ei Norec-utveksling
  • Tverrkulturell kommunikasjon
  • Nasjonale/regionale møter
  • FNs berekraftsmål
  • Aktivitetsgrupper


Etter kurset vil du kunne:

  • Sjå verda frå fleire perspektiv, reflektere over di stilling i verdssamfunnet og vere førebudd på å engasjere deg som verdsborgarar og endringsaktør
  • Beskrive og drøfte korleis du som Norec-deltakar er del av eit større samfunn av partnarar og deltakarar som deler ein felles visjon og felles verdiar
  • Identifisere personlege og yrkesmessige utfordringar knytt til å bu og leve i ein annan kulturell kontekst. Du vil lære deg spesifikke verktøy og tilnærmingar for å førebygge, minimere eller overvinne desse utfordringane
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon