Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Kurs for partnarar

  • Om våre kurs
  • Introduksjonskurs
  • Partnarkurs

Om våre kurs
Riktig førebuing er avgjerande for vellukka utvekslingar. Norec tilbyr førebuande kurs for alle partnarskap, og følger dei opp før, under og etter  utvekslinga. 

Det overordna målet for våre kurs er å styrke partnarskapa, og saman jobbe for å  finne felles løysingar på FNs berekraftsmål. Kursa vektlegg både resultat og læring, og skal sikre at partnarane får mest mogeleg ut av prosjektet, både på einskild- og organisasjonsnivå. 

Aktiv deltaking er ein viktig del av kursa, og vi oppmodar deltakarne til å dele sine erfaringar, og reflektere over målsetjingar og prosjektresultat.  Kursa nyttar ulike undervisningsmetodar for å motivere partnarane til å bli gode endringsagentar i sine lokalsamfunn. 

Introduksjonskurs
Introduksjonsseminaret er obligatorisk for alle organisasjonar i et potensielt partnarskap, og inngår i forundersøkinga.

1-2 representantar frå kvar partnarorganisasjon kjem saman i tre dagar for å gå gjennom følgande modular:

  • Å vere Norec-deltakar
  • Roller og ansvarsområde
  • Planlegging av eit Norec-prosjekt
  • Prinsipp for økonomistyring
  • Rekruttering og leiarskap


Etter introduksjonsseminar vil du:

  • Vere inspirert og motivert til å fortsette planlegginga av ei Norec-utveksling
  • Kjenne Norecs modell, prinsipp og verdiar
  • Forstå kva som er dei avgjerande faktorane for eit vellukka utvekslingsprosjekt
  • Vere i stand til å forme et prosjekt innanfor Norec sitt rammeverket

Kost og losji vert dekt av Norec, medan reisekostnader vert dekt av av FU-tilskotet.

Partnarkurs
Norecs partnarkurs er obligatorisk for alle nye partnarkoordinatorar i Norecs profesjonelle program. Her inviterer vi nye partnarar til å møtast i ei veke – enten i Bangkok, Johannesburg, Kampala eller Bogotá.

I løpet av kurset går vi gjennom følgande modular:

  • Norecs modell, prinsipp og verdiar
  • Rammeverk og økonomisk rapportering
  • Deltakaren: rekruttering, førebuing og oppfølging under og etter utvekslinga
  • Leiarskap, mentoring og kunnskapsoverføring
  • Global forståing


Etter Norecs partnarkurs vil du:

  • Vere inspirert og motivert til å koordinere ei Norec-utveksling
  • Forstå og gjere bruk av Norecs modell, prinsipp og verdiar
  • Vere i stand til å forme, organisere og rapportere frå eit prosjekt innanfor Norec sitt rammeverk
  • Forstå kva som er dei avgjerande faktorane for eit vellukka utvekslingsprosjekt. Du vil kunne inkludere denne forståinga i gjennomføringa av prosjektet ditt
  • Kunne analysere korleis ditt eige prosjekt kan forståast i ein global utviklingssamanheng, og korleis det kan bidra til FNs berekraftsmål

Kost og losji vert dekt av Norec, mens reisekostnader inngår i CA-tilskotet.

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon