Heim > Om Norec > Organisasjon > Strategi og visjon
Verda er full av kunnskap og ferdigheiter. Gjennom gjensidig utveksling lærer vi kvarandre å tenke større, leve berekraftig og bygge ansvarlege lokalsamfunn.
Trykk på linkane under for å laste ned PDF.
Gjensidigheit er ein overordna verdi og ei rettesnor for Norec. At eit partnarskap er gjensidig betyr at alle både bidreg og får noko ut av det.
Alle partar er likeverdige i eit gjensidig partnarskap. Kvar aktør har myndigheit i prosessar og avgjerder som gjeld dei. Partnarane skal samarbeide om å utforme prosjekt, mål, rekruttere og følgje opp deltakarar, samt openheit om ressursbruk og budsjett. Dei set seg eigne mål, men som partnarar forpliktar dei seg til å hjelpe kvarandre med å oppnå desse måla.
Tillit er tidskrevjande å bygge. Vi veit at gjensidigheit i eit partnarskap utviklast over tid. Denne tilliten som oppstår fører til deling av ansvar, eigarskap til kvarandre sine resultat og ei felles forståing av utfordringar. Gjensidigheit tydeleggjer bidrag, respekt og eigarskap til eigne målsettingar, og gir rom til å delta i utviklinga av eige samfunn.
I tillegg til gjensidigheit har Norec nokre åtferdsverdiar som skal kjenneteikne både tilsette og deltakarar. Dei er forma som verdipar, og viser korleis vi skal takle fleire dimensjonar samstundes:Utfordre og vise respekt. Vere engasjert og profesjonell.
Norec
Postboks 461, 6803 Førde
Besøksadresse: Firdavegen 2, 6800 Førde
Telefon: 57 99 00 00
E-post: norec@norec.no
Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon
Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon