Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

India

  • Om India
  • Prosjekt i India

Om India
India er blant verdas største økonomiar, og vert ofte omtala som verdas største demokrati. Landet har hatt kraftig økonomisk vekst sidan slutten av 1990-åra, noko som mellom anna skuldast ein sterk vekst i produksjonsindustrien, enorm oppsving i IT-sektoren, relativt liberal økonomisk politikk og ei sterk auke i utanlandske investeringar.

India har ein mangfaldig økonomi som består av både tradisjonell og moderne jordbruksproduksjon, handverksverksemd og moderne industriell verksemd. Bomull er framleis den viktigaste industrigreina, og landet er verdas nest største produsent av bomullsvarer. India har utvikla ein sterk IT-industri, og har stor eksport av programvaretenester og av medarbeidarar med programvareekspertise.

Norsk utviklingssamarbeid med India inkluderer mellom anna:

  • Økonomisk utvikling
  • Miljø og energi
  • Helse og forsking

 

Informasjon henta frå Norad og SNL              

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon