Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Uganda

  • Om Uganda
  • Prosjekt i Uganda

Om Uganda
Uganda har ein god posisjon i Afrika knytt til privat sektor og investeringar. Landet har satsa på ei positiv utvikling i næringslivet, noko som fører til stadig aukande interesse frå investorar. Den økonomiske veksten er likevel ikkje høg nok eller samansett slik at den skapar utvikling. Korrupsjon er utbreidd, og dei fleste private investorar søker avtaler med lokale private selskap framfor offentlege etatar.

Jordbruket sysselsett hovuddelen av befolkninga, om lag 80 %. Kaffi og fisk er dei viktigaste eksportvarene. Uganda har fruktbar jord og mineralførekomstar. I tillegg ber oljefunn håp om framtidig vekst i økonomien. Fleire internasjonale selskap er involvert i leiting og utvinning i området rundt Albertsjøen.

Norsk utviklingssamarbeid med Uganda inkluderer mellom anna:

  • Fornybar energi
  • Olje for utvikling
  • Forsking
  • Frivillige organisasjonar
  • Multilaterale organisasjonar

Informasjon henta frå Norad og SNL

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon