Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Bli partnar

  • Kven kan bli partner?
  • Slik går du fram
  • Kostnader og ressursbruk
  • Rekruttering
  • Kurs og opplæring

Kven kan bli partnar?
Norec gir økonomisk støtte til utveksling av tilsette og frivillige mellom Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Alle bedrifter og organisasjonar i Norge og våre samarbeidsland kan søke om støtte til sitt internasjonale utvekslingsprosjekt.

Under utvekslinga byter deltakarane arbeidsplass, slik at begge partar kan dele kompetanse og lære av kvarande. Av erfaring gir det best resultat dersom de sjølve finn ein partnar de vil samarbeide med før de søker stønad frå oss. Våre rådgjevarar har eit stort internasjonalt nettverk, så ta gjerne kontakt om du søker etter ein samarbeidspartnar innan ditt fagfelt. 

Vi kan også gje stønad til utveksling der begge partnarar held til i utlandet (sør-sør-samarbeid), eller der ein norsk partnar ønsker samarbeid med to partnarar i utlandet (triangulært samarbeid).

Her kan du lese meir om kva det inneberer å vere partnar i Norec.

1. Finn ein partnar
Viss de allereie har funne ei bedrift eller ein organisasjon de ønskjer å samarbeide med, har de kome langt på veg. Dersom de ikkje har ein samarbeidspartnar de kan utveksle med, kan vi bistå med tips og veiledning. 

2. Søk om forundersøking
Alle utvekslingsprosjekt startar med ei forundersøking. Dersom denne vert godkjent, vil de få økonomisk støtte til å besøke potensielle samarbeidspartnarar. De vil også få ytterlegare veiledning gjennom vårt introseminar, der alle involverte partnarar deltek. 

3. Utarbeid eit samarbeidsprosjekt
Når forundersøkinga er fullført og godkjent, kan du søke om ein samarbeidsavtale med Norec. I søknaden skal partnarskapet vise kva mål de ønsker å oppnå gjennom utvekslinga, og korleis de vil samarbeide for å nå desse.

Her kan du lese om heile søknadsprosessen - steg for steg.

Kostnader og ressursbruk
Norec gir støtte til utveksling av deltakarar. Dette inneberer at vi dekker ei moderat løn/lommepengar for deltakarane. Vi dekker også reise, opphald, forsikring og språkkurs. Vi gir ikkje direkte prosjektstøtte eller støtte til utstyr.

Ein av dykkar tilsette må vere kontaktperson for Norec, følge opp deltakarane og administrere utvekslinga. Kontaktpersonen får delta på kurs og møter gjennom Norec.

Vi gir eit lite administrasjonstillegg til alle partnarar. De må likevel rekne med å legge ned ressursar i form av arbeidstid i prosjektet. 

Rekruttering
Når du har inngått ein samarbeidsavtale med Norec, kan du starte rekrutteringa av deltakarar.

De kan rekruttere deltakarar blant eigne tilsette eller medlemmer, eller lyse ut utvekslinga eksternt. Dei som reiser på utveksling er som hovudregel mellom 18 og 35 år. 

Som Norec -partnar har du ansvar for å rekruttere og følge opp deltakarane før, under og etter utvekslinga. Dette inneber mellom anna å skaffe nødvendige arbeidstillatelser, organisere reise, samt fagleg og sosial inkludering på arbeidsplassen. 

Kurs for deltakarar og partnarkontaktar
For at partnarskapet skal få mest mogeleg ut av utvekslinga, tilbyr Norec kurs til både deltakarar og partnarar.

Deltakarane vert kursa både før dei reiser på utveksling og like før dei reiser heim. Her lærer dei korleis dei kan dele kunnskap og ferdigheiter under utveksling, og med kollegaer etter at dei kjem tilbake. 

Du kan lese meir om kurs for deltakarar her.

For nye partnarskap tilbyr vi også kurs til partnarkontaktane som er ansvarlege for oppfølging av deltakarane. Kursinga skal bidra til partnarskapet er i stand til å samarbeide på eit likeverdig grunnlag og oppnå resultata de har sett som mål i samarbeidsavtalen. 

Du kan lese meir om kurs for partnarar her.

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon