Close

Utveksling steg for steg

Vi kan hjelpe deg med ditt internasjonale samarbeid. Ta kontakt med ein av våre rådgjevarar i dag!

Norec gir økonomisk støtte til utveksling av tilsette eller frivillige mellom organisasjonar og bedrifter i Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Her vil du finne ein stegvis gjennomgang av utvekslingsprosessen. Under kvart punkt finn du relevante avtaledokument og rettleiingsdokument. 

1

Forundersøking

For å starte eit samarbeidsprosjekt, må ein først gjennomføre ei forundersøking. Dette er viktig for at de som samarbeidspartnarar skal bli betre kjent og bli einige om målsettingane for prosjektet. Forundersøkinga består av eit introduksjonsseminar i regi av Norec og eit partnarmøte. I løpet av forundersøkinga skal de saman utarbeide ein søknad om utveksling. 

2

Prosjektsøknad

Når forundersøkinga er gjennomført, kan du søke om ein samarbeidsavtale med Norec. Denne består vanlegvis av tre runder med utveksling, og går over fleire år. I søknaden skal partnarskapet vise målsettingane for prosjektet, og korleis de vil samarbeide for å nå desse. Alle partnarskap har ein eigen sakshandsamar i Norec, og kan gje råd og rettleiing i søknadsprosessen. 

3

Utveksling

Når du har inngått ein samarbeidsavtale med Norec, kan du starte rekrutteringa av deltakarar. De kan rekruttere deltakarar blant eigne tilsette eller medlemmer, eller lyse ut utvekslinga eksternt. Partnarskapet har i fellesskap ansvar for å rekruttere og følge opp deltakarane før, under og etter utvekslinga. Dette inneber mellom anna å skaffe nødvendige arbeidstillatelser, arbeidskontrakt, organisere reise, visum og forsikringer. I tillegg er det viktig at de har ein plan for fagleg og sosial inkludering på arbeidsplassen.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon