Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

1. Forundersøking

  • Praktisk informasjon
  • Slik søker du
  • Rapportering
  • Rettleiing

Alle prosjekt startar med ei forundersøking. Her møtast partnarane for å lage ein søknad om eit utvekslingsprosjekt.

Formålet med en forundersøking er å:

  • få forståing for potensielle gevinstar av eit samarbeidsprosjekt
  • få kunnskap om gangen i et Norec-prosjekt, støtta vi tilbyr, og forpliktingane alle har i partnarskapet.
  • utvikle prosjektidéen og få forståing av moglegheiter, risiko og krav knytt til et slikt prosjekt
  • utarbeide ein søknad om ein samarbeidsavtale med Norec

Forundersøkinga inneheld følgande aktivitetar:

  • Ein workshop eller et introduksjonsseminar i regi av Norec. Målet med dette er å utruste partnarskapet med rammeverket de treng for å utarbeide eit vellukka utvekslingsprosjekt i tråd med Norecs prinsipp og verdiar.
  • Et partnarmøte for å finne ut kva samarbeidsmoglegheiter de har, og for å vidareutvikle søknaden dykkar om et utvekslingsprosjekt. Et partnarmøte varer vanlegvis i 2–3 dagar. Viss det er behov for meir tid, må partnarskapet søke Norec om godkjenning for dette.
  • Utvikle rutinar for kommunikasjon og avgjerdstaking i partnarskapet.
  • Utarbeide aktivitetsrapport (A03) og økonomisk rapport (A04) for forundersøkinga.


Du må søke om forundersøking. Dersom denne vert godkjent, vil de få økonomisk støtte til å besøke potensielle samarbeidspartnarar og deltaking på introseminaret.

Søknad om forundersøking skal innehalde følgande dokument. 

Feasibility study application (A01) 

Feasibility study budget (A02) 

Bruk rettleiingsdokumentet Feasibility study guideline (A10) som mal før du sender inn søknaden.

Send begge dokument til ansvarleg saksbehandlar i Norec. Dersom du er ny søkar og ikkje har vore i kontakt med Norec tidlegare, kan du sende dokumenta til norec@norec.no

Etter at forundersøkinga er avslutta, skal partnarskapet rapportere om resultatet. 

Feasibility study actitvity report (A03)

Feasibility study financial report (A04)

Send rapporten direkte til ansvarleg saksbehandlar i Norec. Rapportane må vere godkjent før Norec kan behandle ein søknad om samarbeidsavtale for eit utvekslingsprosjekt. 

Vi hjelper deg gjerne med søknaden din!

Alle partnarskap som skal gjennomføre ei forundersøking, får tildelt ein sakshandsamar i Norec. Sakshandsamaren din tek i mot søknadsdokument og rapportar, og kan rettleie deg både før og undervegs i søknadsprosessen. 

Du kan finne kontaktinformasjon til alle våre tilsette her.

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon