Close
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

3. Utveksling

  • Før utvekslinga
  • Under utvekslinga
  • Etter utvekslinga
  • Endringar undervegs

Før utvekslinga

Rekruttering
Når du har inngått ein samarbeidsavtale med Norec, kan du starte rekrutteringa av deltakarar.

De kan rekruttere deltakarar blant eigne tilsette eller medlemmer, eller lyse ut utvekslinga eksternt. Dei som reiser på utveksling er som hovudregel mellom 18 og 35 år. 

Partnarskapet har i fellesskap ansvar for å rekruttere og følge opp deltakarane før, under og etter utvekslinga.

Før du startar utvekslinga, må du:

  • skaffe nødvendige arbeidstillatelser og arbeidskontrakt for deltakarane
  • organisere reise, visum og forsikringar for deltakarane
  • finne passande bustad
  • melde deltakarane på Training 1
  • førebu kolleager på arbeidsplassen til å ta i mot ein Norec-deltakar.
  • lage ein plan for fagleg og sosial inkludering på arbeidsplassen.


Kurs for deltakarar og partnarkontaktar
For at partnarskapet skal få mest mogeleg ut av utvekslinga, tilbyr Norec kurs til både deltakarar og partnarar.

Deltakarane vert kursa både før dei reiser på utveksling og like før dei reiser heim. Her lærer dei korleis dei kan dele kunnskap og ferdigheiter under utveksling, og med kollegaer etter at dei kjem tilbake. 

Du kan lese meir om kurs for deltakarar her.

For nye partnarskap tilbyr vi også kurs til partnarkontaktane som er ansvarlege for oppfølging av deltakarane. Kursinga skal bidra til partnarskapet er i stand til å samarbeide på eit likeverdig grunnlag og oppnå resultata de har sett som mål i samarbeidsavtalen. 

Du kan lese meir om kurs for partnarar her.

Under utvekslinga

Under utvekslinga, må du:

  • introdusere deltakarane til arbeidsplass og staden dei skal bu
  • Lage ein detaljer arbeidsplan for året dei skal vere på utveksling
  • Følge opp og guide deltakarane i deira arbeid
  • Ha tett kommunikasjon med dei andre partnarane og deltakarane i prosjektet. 
  • monitorere utviklinga i prosjektet ut frå forventa resultat
  • fortelje Norec om eventuelle endringar i prosjektet
  • Halde orden på rekneskap og administrering av prosjektet.
  • Utarbeide ein plan for etterarbeid
  • Melde deltakarane på Training 2

Etter utvekslinga

Planlegg for etterarbeid frå starten av en utveksling
Dei ønska resultata av etterarbeidet blir ofte betre dersom etterarbeidet er ein integrert del av det planlagde utvekslingsløpet helt frå startfasen. En slik samanheng mellom rekruttering av deltakar, arbeidsoppgåver hos partnarorganisasjon og etterarbeidet, vil gi ein heilskapleg plan for kva som skal «hentast» hos partnar og «implementerast» heime. Sidan etterarbeidsperioden går kjapt, er det viktig at det er utarbeidd ein plan i forkant av heimkomst.

Tenk på etterarbeid når du rekrutterer deltakarar
Potensielle utvekslingsdeltakarar her ulike ferdigheiter og prioriteringar. Sidan etterarbeidet er ein essensiell del av ein utveksling, og at enkelte kan ha særleg eigna ferdigheiter for etterarbeid, må dette vurderast i rekrutteringa. Vidare bør etterarbeidet komplettere og vere relevant for deltakarane sine langsiktige mål, enten det er for karriere eller av meir personleg karakter.

Det er ofte i etterarbeidsfasen organisasjonane oppnår dei beste resultata
Sjølv om at einskilddeltakarane lærer mest på utvekslinga, er det i etterarbeidet at mykje av organisasjonsutvikling skjer. Dersom tilsette returnerer med helt nye, og relevante, ferdigheiter er det viktig at de får mogelegheit til å bruke disse ferdigheitene i organisasjonen og får mogelegheit til å lære opp andre. Dersom de returnerte deltakerne ikkje er fast tilsette er det enda viktigare at etterarbeidsperioden gir dei mogelegheit til arbeide med heimeorganisasjonen for å overføre kunnskap og ferdigheiter.

Intern og ekstern rekruttering er avgjerande for korleis etterarbeidet bør leggjast opp
Korleis deltakaren blir rekruttert har store føringar for etterarbeidet. Dersom ein person har blitt rekruttar frå utanfor ein organisasjon til å dra på utveksling må etterarbeidet leggjast opp med tanke på at denne personen skal forlate organisasjonen snart. Dermed må organisasjonens hovudfokus vere på kunnskap- og kompetanseoverføring. Dersom ein deltakar er rekruttert frå organisasjonen og skal fortsette etter heimkomst, vil hovudfokuset vere på organisasjonsutvikling, f. eks. nye rutinar, sjølv om at opplæring av kollegaer framleis vil vere viktig.

Endringar undervegs
Dersom partnarskapet ønsker å gjere endringar undervegs i prosjektet, må du sende ein skriftleg søknad om dette til Norec. Dette kan vere endringar i målsetjingar, budsjett eller partnarskapets samansetting. 

Slik søker du endring i prosjektet:

Du må dokumentere og grunngje endringane i skjemaet nedanfor og sende dette til din programrådgivar i Norec.

Du bruker dette skjemaet om det er endring av partnarar eller målsetjing i prosjektet:

Collaboration agreement amendment application (B03)

Du bruker dette skjemaet om det er endring i budsjett, lengde på utveksling eller retning: 

Round agreement amendment application (C05)

 

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Mer informasjon