Hopp til hovudinnhald

Samarbeidsavtale om utvekslingsprosjekt

Om søknaden

Når du har fullført og fått godkjenning av forundersøkinga, kan du søke om ein samarbeidsavtale med Norec.

 

  • Søknadsfrist: 1. juni 2024

Søknadskriterium og prosjektlengde

1. Nye partnarskap

Nye søkarar kan i første omgang søke om ei samarbeidsavtale på maks to år. 

 

  • Dette vurderer Norec for nye partnarskap

    • Søkarane si evne til å følge opp og støtte tilsette som er på utveksling
    • Søkarane si evne til å samarbeide godt i eit partnarskap
    • Søkarane si evne til å oppnå resultat
    • Søkarane si evne til å forvalte prosjektet økonomisk 

 

 

2. Partnarskap som har eksisterande avtalar med Norec

Søkarar som allereie er i eit utvekslingsprosjekt som vil søke om ny avtale kan søke om avtaler på to til tre år.

 

  • Dette vurderer Norec for eksisterande partnarskap

    • oppfølging av deltakarar
    • samarbeid i partnarskapet
    • resultat av partnarskapet
    • økonomistyring
    • prosjektutvikling 

 

 

3. Partnarskap som har fått tilskot frå Norec i over fem år

Søkarar som har vore i fleire Norecstøtta utvekslingsprosjekt kan søke om  avtaler på tre til fem år.

 

  • Dette vurderer Norec for langvarige avtaler

    • det same som i kortare avtaler
    • gjensidig læring i partnarskapet – korleis organisasjonane bruker læring frå partnarskapet og tidlegare Norec-prosjekt
    • korleis utvekslingsprosjektet bidrar til organisasjonslæring 
    • Vi vurderer dessutan alle prosjekt som ein del av prosjektporteføljen til Norec. 

Søknadsdokument

Søkaren må utforme eit prosjekt som fremmar institusjonelt samarbeid, aukar organisasjonskapasiteten og fører til utveksling av kunnskap og kompetanse. Fysisk utveksling av medarbeidarar er eit krav når det er mogleg, men kan kombinerast med virtuell utveksling. 

Slik søker de:

Den overordna prosjektskildring utgjer hovuddelen av søknaden. Her presenterer de partnarane i samarbeidet og gir informasjon om utvekslinga og prosjektresultata. Dokumenta kan ikkje vere passordbeskytta.

Følgande dokument inngår i søknaden:

Dokument frå alle partnarar i prosjektet

  • eigenerklæring om organisatoriske forhold og praksisar (last ned)
  • firmadokumentasjon 
  • Signaturrettar
  • skatteattest 
  • vedtekter 
  • nyaste årsrapport
  • nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap
  • urevidert årsrekneskap som er maksimalt tre månader gammal
  • gyldig firmadokumentasjon for revisjonsfirmaet som skal revidere Norec-midlane 

Dokument de må sende inn, dersom søknaden blir godkjend: 

Rettleiing

Her finn du praktisk rettleiing om planlegging, gjennomføring og rapportert av eit utvekslingsprosjekt. Bruk denne når du fyller ut søknaden.