To panel tok store, internasjonale spørsmål ned til Førde då Norec feira 20 år med gjensidig utveksling 7. juni.

Til stades var mellom anna Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF). Han opna talen sin med å understreke kor glad han var for å få komme til Førde og treffe både kollegaer i Norec, men også nye ansikt:

– Eg set stor pris på å treffe lokale politikarar og anna nøkkelpersonell frå regionen her. Det er heilt i tråd med flyttinga, at lokalsamfunnet engasjerer seg i Norec sitt samfunnsoppdrag, sa Ulstein.

Vidare takka Norec for fleksibilitet, samt tett og god kontakt under pandemien.

Internasjonale moglegheiter i Sunnfjord
Ordførar i Sunnfjord kommune, Olve Grotle og resten av Sunnfjord kommune har spelt ei viktig rolle i at Norec fann seg så godt til rette i Førde. I si tale framheva han at Norec har gjort arbeidsmarknaden i Sunnfjord meir attraktiv og mangfaldig.

– Det er enormt viktig for oss. Stikkordet her er rekruttering. Skal ein få folk til å flytte hit frå Oslo, Bergen eller Trondheim, må det vere arbeidsplassar til to – dei fleste kjem med partnar, sa Grotle.

Også vararordførar i Sunnfjord Jenny Følling (Sp) var opptatt av at Norec, med sitt internasjonale fokus og arbeid, gjer det meir attraktivt for unge og flytte hit.

Grotle og Følling utgjorde saman med direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet Atle Hamar og påtroppande pro-rektor ved Høgskulen på Vestlandet Anne Grethe Naustdal første panel for dagen. Panelet utforska mellom anna korleis Sunnfjord og Norec saman kan legge til rette for internasjonalisering.

Bonde frå Spydeberg i Malawi
Eit av tema dagens andre panel var inne på er at kunnskapsutveksling må vere gjensidig, slik modellen til Norec legg vekt på. Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) fortalte då om kompisen som er kornbonde i Spydeberg, som reiste til Malawi for å lære korleis bønder der tilpassa seg klimaendringane:

– Den typen utvekslingar blir stadig viktigare. Når det kjem til løysingar og omstillingsevner har vi i Norge mykje å lære av det globale sør, sa Storehaug.

SStortingskandidat Aleksander Øren Heen (SP) trakk fram kunnskap rundt matsikkerheit som noko Norge kan bidra med i utvekslingssamarbeid ute i verda.

Næringslivet må slå kloa i Norec
I panelet sat også stortingskandidatane Torbjørn Vereide (Ap) og Gunhild Berge Stang (V). Dei vart utfordra på korleis Norec kan gi folk og næringsliv i regionen moglegheiter for å jobbe internasjonalt. Begge to er opptatt av at internasjonale perspektiv blir viktigare og viktigare:

– Ein ting er det faglege, at det hjelper å forstå landa du skal samarbeide med. Ein annan ting er med tanke på rekruttering i regionen. Næringslivet her vil kjenne meir og meir på ein kamp om ungdommen. Det at Norec har internasjonal kompetanse må næringslivet slå kloa i, sa Stang.