Oslo er ein bistandsby, ein tumleplass for bistandsorganisasjonar, bistandskonferanser, bistandsarbeidarar og bistandsseminarer. Gamle og nye, men mest mange av dei same, tema blir tatt opp år etter år.

Kvifor er det slik? Kva blir skapt på alle desse møteplassane mellom folk som vil det same, men på litt ulike måtar? Kor mange årsverk har organisasjonane råd til å sende til ein konferanse som er organisert av ein annan, men ganske lik, organisasjon? Nyleg var eg i Oslo og deltok på den første delen av Redd Barna sin bistandskonferanse og møtte der fem ansatte frå ein annan organisasjon. Fem!?! Kva vil dei alle, i si vandring rundt hos kvarandre?

Eit halv år etter at Fredskorpset flytta frå Oslo til Førde og tok namnet Norec, er det lettare å sjå bistandsbyen Oslo i perspektiv. Som utdanna sosialantropolog veit eg at det å reise frå ein plass, er eit viktig metodisk grep for å tolke staden du kom i frå. 

Nyleg var eg i Florø og møtte bedrifter som arbeider innan maritim industri. Her gjekk praten på lågmælt sunnfjordsvis. Men entusiasmen var tydeleg å spore når dei snakka om å levere til eit null-utslepp maritimt miljø. Utan å vise til krav. Utan referanse til eit særskilt bærekraftsmål. Men fordi det er det aller beste for det maritime miljøet, og menneska som gjer seg nytte av det.

Les ogsåNorec er faktisk eit mykje tydelegare namn enn Fredskorpset

Dei snakka om utnytting av avfall frå landbassert lakseoppdrett, kombinert med varmeutvinning frå hydrogenproduksjon. Dei utforskar bærekraftige løysingar på elektriske motorar og engergioptimaliserande produkt. I samarbeid med russarar, brasilianarar, kinesarar og indarar. Heilt utan henvisning til BRICs, SDGs eller menneskerettar. 

Dei lagar arbeidsplassar og engasjerer seg internasjonalt med bedrifter langs kysten i Afrika og Asia. Dei betalar skatt til staten, og skapar produkt og verdier som bringer liv i og utanfor havet vidare. Dette skjer utan ei einaste referanse til bistandsbudsjett, og utan ein konferanse om bistandsorganisering. Alt dette skjer samstundes som bistandsarbeidarar i Noreg møtast på konferansar i Oslo, veke etter veke, for å diskutere (krangle om?) bistandsbudsjettet eller bistandsreformen.

Dei store utfordringane til kloden vår vert plukka ned til kva dei kan gjere for seg sjølve og andre, utan å hevde å ta ansvar for alt og alle. Dei ønsker samarbeid på tvers av landegrenser, utan å tenke om det er norske partnarland, OECD/DAC definerte eller merka av andre preferanser. 

Eg ønskjer alle som arbeider med bistand og utvikling velkomen til eit stykke feltarbeid her på vestlandet, for så å reise heimatt å reflektere om kva er det der som skjer. Og gjerne kome attende hit for å jobbe.

Jan Olav Baarøy, 
direktør Norec

Tidlegare blogginnlegg: Kvifor trur vi framleis på myten om at det er kunnskap frå nord som skal til for å løyse utfordringar i sør?