På 20 sider forklarer vi kva vi skal oppnå innan 2022 og korleis det skal bli gjort. Dokumentet har mange bilete og stor skrift, men om du ikkje rekk å lese heile strategien idag, er kortversjonen her:

Innan 2022 skal Norec:

  1. Stimulere til auka bruk av utveksling i internasjonale samarbeid. Vi skal jobbe for at det til ein kvar tid er 750 personar som hospiterer i 6 til 12 månadar hos ei partnarverksemd i eit anna land. 
  2. Etablere oss som eit kompetansesenter for å innhente, produsere og formidle kunnskap relatert til utvekslingsverksemd i internasjonale partnerskap.
  3. Vere ein pådrivar innan moderne arbeidsmetodar, med ein fleksibel, effektiv og tilpasingsdyktig forvaltning og eit godt arbeidsmiljø. 

I det store bildet skal vi i Norec medverke til å nå dei overordna måla i norsk utviklingspolitikk. Gjennom utveksling av personell og som det einaste kompetansesenteret for internasjonal utveksling i Noreg, skal vi styrke partnarskap mellom verksemder i forskjellige land og saman oppnå FN's berekraftmål innan 2030. For at vi skal kunne nå desse måla må vi tenke nytt og annleis, og hente inne kunnskap og læring av det vi gjer riktig og det vi gjer feil. Vi må lære av kvarandre

Ein viktig premiss for strategien er at verda er full av kunnskap og ferdigheiter. Vår visjon er at igjennom gjensidig utveksling lærer vi kvarandre å tenke større, leve berekraftig og bygge ansvarlege lokalsamfunn. Og det er gjensidigheita som er vår overordna verdi og rettesnor. Det betyr at alle bidreg og får noko ut av samarbeidet, og at verksemdene som sender sine tilsette ut for å jobbe hjå ein partner forpliktar seg til å hjelpe kvarandre. 

Det som skal kjenneteikne oss i Norec er at vi skal utfordre og vise respekt, vere engasjerte og profesjonelle. "Sjølvsagt skal vi det!", tenkjer vi i gode dagar. Og difor tek vi oss tida til forankre måla no, slik at vi har dei til å rettleie oss gjennom utfordrande tider.

Så kort sagt, når nokon spør «kva er strategien til Norec?» så kan vi svare: det er å få fleire verksemder til å satse på gjensidig utveksling av personell for lære kvarandre å tenke større, leve berekraftig og bygge ansvarlege lokalsamfunn. 

Og, til slutt kjære lesar, her kan du lese heile strategien.