Det er ein tjukk søkjarbunke som har hamna på kontoret til leiinga i Norec. Avdelingsdirektør for stab, analyse og kommunikasjon Morten Rørvik har no 98 unge som vil innom dørene til Norsk senter for utvekslingssamarbeid. 

For å bli trainee hos Norec må ein vere relativt nyutdanna, og gjerne ha internasjonal erfaring under beltet. Erfaringa søkarane har, imponerer avdelingsdirektør Morten Rørvik.

- Eg er imponert over kvaliteten på kandidatane og kva unge, nyutdanna menneske har på CV-en, seier han. 

Stillingsutlysningane til Norec har på det jamne høge søkartal. Likevel var det spanande å vente på søkartala på den heilt ferske traineestillinga. Ikkje berre  kor mange søknadar ein ville ende opp med, men å sjå kven søkarane er.

– Vi ser at fleire av dei har tilknyting til fylket, men bur andre stader i landet. Eg trur dei ser dette som ein sjanse til å jobbe på eit fagfelt dei tidlegare ikkje kunne i Sogn og Fjordane. Vi har ein stor jobb framfor oss med å velje rette kandidaten, seier Rørvik.

TILSETTE: Personen som får traineestillinga skal jobbe i alle avdelingane gjennom året, og vil mellom anna jobbe saman med denne gjengen i programavdelinga.

På lista over mest populære traineebedrifter i fylket kjem Vestlandsforsking og Coast på delt andreplass, begge med 42 søkarar, og Fjord1 på tredjeplass med 39 søkarar.

– Eit tydeleg teikn er at bedriftene som set verdiane rundt det grøne skiftet og er opptatt av klimaspørsmåla og internasjonalisering er attraktive arbeidsgjevarar. Vi ser at dette opptek fleire av søkarane, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland.

 

Kjelde: Framtidsfylket.