Ti gode grunnar til utveksling
Ei utveksling gjennom Norec kan tilføre bedrifta di enormt mykje. Her får du ti fordelar ei utveksling gir.

- Utvikle bedrifta di gjennom internasjonal utveksling.
- Lær om alternativ teknologi og innovative løysingar innanfor ditt fagområde.
- Bli ein del av det internasjonale utviklingssarmarbeidet. Styrk ditt internasjonale nettverk, medan du bidreg til utvikling.
- Lær om nye marknader og få auka internasjonal eksponering.
- Bli betre på kommunikasjon og interkulturell forståing.
- Få fleksible, tilpasningsdyktige og motiverte tilsette.
- Bli ein del av løysinga, ikkje problemet. Utnytt moglegheitene i å ta samfunnsansvar.
- Sjå organisasjonen med nye auge gjennom ny ekspertise og alternativ problemløysing.
- Gjer bedrifta di attraktiv for nye tilsette. Utvekslingsmoglegheiter kombinert med eit samfunnsansvarleg omdøme er gull for rekruttering.
- Bli ein del av det globale nettverket til Norec, og få tilgang til kompetnasen til våre 200 partnarorganisasjonar.