Om lag 115 personar frå  22 ulike land møtast denne veka i snøfulle Hurdal for å delta på Youth Summit. Alle frivillige og/eller ideelle organisasjonar som er involvert i eit utvekslingsamarbeid gjennom Norec er invitert for ei veke med fagleg påfyll og nettverksbygging. 

I år er 25 ulike utvekslingspartnarskap samla for å diskutere, lære av kvarandre og bli kjent med andre som driv med internasjonalt arbeid under samarbeidsmodellen til Norec. 

- Føremålet med Youth Summit er å tilby ein plattform for nettverksbygging for partnarskapa, og for å vidareutvikle eksisterande partnarskap, forklarer Tora Toreng, NGO-koordinator i Norec. 

Dette er i tråd med den nye instruksen Norec fekk 1. januar 2019. Framover skal Norec bli eit kompetansesenter for mellom anna internasjonal nettverksbygging.

Inspirerande møte

Før Utviklingsminister Dag Inge Ulstein formelt opna Youth Summit måndag morgon, fekk han treffe eit knippe partnarar til frukost. Dette var hans første møte med Norec som fersk minister. Dei fortalte ein engasjert og lyttande statsråd om sine utvekslingsprosjekt. 

- Partnarane våre ute i verda jobbar kvar einaste dag med å oppnå Agenda 2030 og gjere lokalsamfunna sine betre. Eg er veldig stolt og glad for at statsrådens i sitt første møte med Norec fekk treffe nokre av våre utruleg dyktige partnarar, seier direktør i Norec, Jan Olav Baarøy. 

Utviklingsministeren rosa partnarane for innsatsen deira med å gjere lokalsamfunna sine betre i opningstalen sin, før han måtte haste vidare til andre møter. 

Skreddarsydd program

Resten av veka vert partnarane fullt opptatt med eit spanande program med inspirerande innleiarar.

- Programmet er basert på innspel frå partnarane, ut frå kva dei meiner dei har behov for i sitt samarbeid, seier Toreng. Ho trekk fram interkulturelt samarbeid, kultursjokk, kommunikasjon og grensesetting som dømer på kva som ventar partnarane. 

Følg Norec på Instagram og Facebook for oppdateringar.