Norec har to ledige stillingar som seksjonssjefar for program og tilskot.

Vi søkjer etter to dyktige leiarar, som skal bidra til at Norec blir ein tydeleg samfunnsaktør gjennom god tilskotsforvalting og gode resultat i internasjonale partnarskap.

Programavdelinga har ansvar for tilskotsforvalting, rådgjeving og prosjektoppfølging av heile prosjektporteføljen. Porteføljen og resultatansvar vil bli fordelt på to seksjonsleiarar.

Rolla som seksjonssjef er strategisk viktig i vidareutviklinga av organisasjonen.

Arbeidsstad: Førde
Søknadsfrist: 26. mai 2019

Les meir og søk på stillinga her