Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) kring fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Norec finansierer 2 stillingar slik at vi kan skape betre bærekraft økonomisk, miljømessig og sosialt. Frå 17. februar 2020 søkjer vi ein driftig person som kan jobbe med vidare utvikling av NYO si satsing på yrkesutdanning og entreprenørskap.

 

Rådgjevaren innan entreprenørskap skal vidareutvikle eit karrieresenter for ungdom under yrkesfagutdanning. Årleg utdannar dei kring 100 ungdom innan sveising, skreddar/design, byggfag, elektro og IKT. Karrieresenteret tilbyr rådgjeving og utdanning innan entreprenørskap til alle elevane. Dei støttar dei også med å skaffe seg jobb, eller starte for seg sjølv under og etter studiet. I tillegg vil rådgjevaren bli involvert i drift av eit kultursenter som driv ein restaurant, musikkskule, teikne- og danseklassar. Dei arrangerer også Nkhotakota Music Festival årleg.

Malawi er også kalla «The Warm Heart of Africa» og er kjend for sitt vennlege folk og for ei stor vidde i naturopplevingar. Nkhotakota District har nær 400,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi som er Afrikas 3. største innsjø. I kommunesenteret bur det kring 35,000 innbyggarar. Der finn du også ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til lodgar med flotte strender. Du disponerer eige hus med hage. Det her er ein unik muligheit for å lære meir om utviklingsarbeid og bistand i praksis.

 

Arbeidsoppgåver, rådgjevar entreprenørskap

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar, rådgjevar entreprenørskap:

Praktisk: