Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) om ulike sosiale entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Norec finansierer 2 stillingar slik at vi kan skape betre bærekraft økonomisk, miljømessig og sosialt. Frå 17. februar 2020 søkjer vi ein driftig person som kan jobbe med vidare utvikling av NYO sitt datterselskap Kumudzi Kuwale Ltd.


Kumudzi Kuwale Ltd. («landsbylys») driv med sal, installasjon og service av solenergiløysingar i Malawi. Selskapet vart starta opp i 2013. Dei har 18 tilsette på hovudkontoret, 65 agentar som driv ladestasjon i eigen landsby. I tillegg driv selskapet med større installasjonsoppdrag. Vi treng ein person som er interessert i å lære om utviklingsarbeid i ein Afrikansk kontekst, samtidig med å utvikle selskapet vidare. Sjekk også heimesida deira for meir informasjon.

Malawi er kalla «The Warm Heart of Africa» og er kjend for sitt vennlege folk og for ei stor vidde i naturopplevingar. Nkhotakota District har nær 400,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi som er Afrikas 3. største innsjø. I kommunesenteret bur det kring 35,000 innbyggarar. Der finn du også ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til lodgar med flotte strender. Du disponerer eige hus med hage.


Arbeidsoppgåver: Forretningsutviklar / Business Development Manager.

 


Kvalifikasjonar og eigenskapar: