Firda vidaregåande skule og Flora vidaregåande skule samarbeider med Uganda Youth Skills Training Organisation (UYSTO) om fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i hovudstaden Kampala. Gjennom Norec (Fredskorpset) får vi finansiert ei stilling som skal støtte utvikling gjennom kompetanseutveksling. Målet vårt er å skape økonomisk, sosial og miljømessig berekraft i prosjekta.

Frå 17. februar 2020 treng vi ein driftig person som kan hjelpe UYSTO med å utvikle organisasjonen sin.

UYSTO jobbar med yrkesopplæring, karriererådgjeving, entreprenørskap og musikk for ungdom i Kampala. Kampala er ein storby med rikt kulturliv i eit land med stor vidde i naturopplevingane.

Uganda er mellom anna kjend for fjellgorillaer, Nilens kjelde og Victoriasjøen.

Rådgjevaren innan musikk og organisasjonsutvikling skal vidareutvikle UYSTO og deira satsing på musikk og entreprenørskap. UYSTO har mål om å etablere eit kultursenter i lag med resten av drifta si. Vi søkjer såleis ein person med bakgrunn innan musikk og organisasjonsutvikling. Sjå meir på heimesida til UYSTO.

Arbeidsoppgåver, rådgjevar innan musikk

Kvalifikasjonar og eigenskapar, rådgjevar entreprenørskap:

Praktisk: