Norecs visjon 

"Verda er full av kunnskap og ferdigheiter. Gjennom gjensidig utveksling lærer vi kvarandre å tenke større, leve berekraftig og bygge ansvarlege lokalsamfunn." 

"The world is full of knowledge and skills. Through mutual exchange we teach each other to think bigger, live sustainably, and build responsible local communities"

Norecs strategi

Trykk på linkane under for å laste ned PDF. 

Strategi 2022 (norsk)

Strategi 2022 (engelsk)

Gjensidigheit - Norecs kjerneverdi

Gjensidigheit er ein overordna verdi og ei rettesnor for Norec. At eit partnarskap er gjensidig betyr at alle både bidreg og får noko ut av det.

Alle partar er likeverdige i eit gjensidig partnarskap. Kvar aktør har myndigheit i prosessar og avgjerder som gjeld dei. Partnarane skal samarbeide om å utforme prosjekt, mål, rekruttere og følgje opp deltakarar, samt openheit om ressursbruk og budsjett. Dei set seg eigne mål, men som partnarar forpliktar dei seg til å hjelpe kvarandre med å oppnå desse måla.

Tillit er tidskrevjande å bygge. Vi veit at gjensidigheit i eit partnarskap utviklast over tid. Denne tilliten som oppstår fører til deling av ansvar, eigarskap til kvarandre sine resultat og ei felles forståing av utfordringar. Gjensidigheit tydeleggjer bidrag, respekt og eigarskap til eigne målsettingar, og gir rom til å delta i utviklinga av eige samfunn.

Åtferdsverdiar

I tillegg til gjensidigheit har Norec nokre åtferdsverdiar som skal kjenneteikne både tilsette og deltakarar. Dei er forma som verdipar, og viser korleis vi skal takle fleire dimensjonar samstundes:

Utfordre og vise respekt. Vere engasjert og profesjonell.